Bob Dylan er så avgjort ei av dei viktigaste stemmene på 1900-talet (og også i dag) - og då meiner eg stemme i dobbelt forstand, ikkje berre som songar, men også som ei poetisk røyst. Sjølv har eg aldri hatt den heilt store sansen for Dylan - har prøvd nokre gongar, vel vitande om at det sannsynlegvis er meg det er noko i vegen med, men akk nei.

Men mange har sansen for Dylan. Eg les bøkene deira, i håp om at dei kan læra meg noko. I så måte vart eg skuffa av Stein Erik Lunde si vesle bok om Dylan. Rett nok er boka skrive for ungdom og vert såleis halde på eit enkelt plan, og rett nok tek Stein Erik Lunde nokre artige litterære grep for å knytta Dylan til sitt eige personlege liv, som Dylan-fan, men boka vert snart berre ei kjedeleg oppramsing av ytre omstende og den eine plata etter den andre. Eg saknar nerve, vurderingar, eg saknar tidsbilete og miljø, musikalske, litterære og sosiologiske analyser, eg saknar (ny) innsikt i personen Bob Dylan. Kort sagt - det er mykje eg saknar i denne boka. Terningkast 3 frå meg.


Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har eit anna inntrykk: Syntest dette var ei oversiktleg og grei bok. Gjer mykje to-the-point informasjon på få (ca 80) sider. Boka er trass alt meint å gje ein innføring. Sjølvsagt kunne ein ønskja meir tidsbilete og miljø, men innafor formatet synest eg Lunde har fått med vesentlege ting. Det er eit ledig språk. Han knyter an til eige liv utan at det vert nokon ego-trip. Litterære og sosiologiske analysar ? Ja det manglar, men Lunde opnar opp for mystikken i tekstene, meiningsmangfaldet, og burde soleis anspora lesaren til å studera Dylans eigne tekstar. For meg var dette ei fin lita bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

NinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergDemeterBerit RKirsten LundAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PHarald KAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikPiippokattaMarenMarianne Augustaritaoline