I samband med eit arbeid i spansk ("'La tumba del fascismo será Mardid.' Nordahl Grieg y la Guerra Civil de España") las eg sommaren 2009 Nordahl Grieg på ny (endå ein gong). I denne boka har Odd Hølaas samla eit utval artiklar frå Griegs tiddskrift "Veien frem". Her er nærbilete av 1930-åra: Spania, krigsfaren, Moskva-prosessane, studium av Quisling - og på ny: Spania! Solidaritet med den lovleg valde spanske regjeringa mot Franco! Framfor alt hudflettar Grieg den borgarlege ideologien, borgarlege verdiar, borgarleg individualisme. Og han fekk rett.