Like lite som Lars Saabye Christensens "Herman" handlar om å miste håret, handlar Merete Morken Andersens "Hav av tid" om sjølvmord. Det burde eg ha visst, men eg grudde meg litt for å gå inn i denne romanen fordi eg jo visste at hovudmotivet var sjølvmord. Så viser det seg raskt at dette er ei bok om kontakt og isolasjon, om ansvar og oppbrot, om å finne saman. Det er så gnistrande godt gjort - ikkje rart at forfattaren fekk kritikarprisen i 2002! Eg har lese Morken Andersens "Skriveboka", og det er ein fryd å sjå korleis den skjønnlitterære forfattaren Morken Andersen praktiserer det som teoretikaren Morken Andersen forklarer om gode skriveteknikkar! For eit poetisk språk!

Godt sagt! (1) Varsle

Sist sett

MarvikkisIngunn SIngvild SJohn LarsenstrigidaeSolveigTatiana WesserlingTurid KjendlieLilleviTor-Arne JensenEgil StangelandHarald KPiippokattaLaddenAnne-Stine Ruud HusevågToveSynnøve H HoelFrans EriksenOdd HebækTanteMamieEllen E. MartolDemeterLailafornixSigrid NygaardTove Obrestad WøienAlice NordliKaramasov11VannflaskeLinnAEKirstenJulie StensethMads Leonard HolvikTor Arne DahlTone Maria JonassenFinn Arthur JohansenBjørg L.Tore HalsaTorill RevheimKaren Ramsvik