Man kan ikke redigere andres innlegg.

Sønnen din hadde logget inn som seg selv og ikke logget ut før du overtok datamaskinen.

Kanskje han er logget inn på facebook også? Oppdater hans status til å si "Jeg elsker mamma"! :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 11 svar.

Det stemmer at han gløymte å logge ut før han lukka nettlesaren i dag tidleg. Men eg hadde logga på sjølv, og det var mitt antal bøker som sto øvst under "din side". Då trudde eg jo vitterleg at eg var inne på meg sjølv... Er det ikkje litt rart?
Han har strenge foreldre som ikkje let han få ha facebook-konto enno, men sidan bokelskere ikkje opererer med aldersgrense (så vidt eg har klart å finne ut), og vi tykkjer dette er eit langt meir positivt fora, får han lov til å vere her. :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var rart, og skal ikke være mulig. Jeg klarer ikke å gjenskape denne situasjonen selv, klarer dere det?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eh... Beklagar maset. No trudde eg verkeleg dette var løyst. Har vore inne som sonen min og logga han av. Var deretter inne på nettlesaren og sletta all historikk (bruker Firefox). Men framleis kan eg altså ikkje gje sonen min stjerner når eg loggar på som meg. Rediger-knappen er trykkbar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Meget rart, jeg har testet dette i Firefox selv, men kan ikke begripe hvordan det skjer.

Bare for å dobbelsjekke: når du sier at du "logga han av", mener du da at du trykker "logg ut" slik som i dette bildet?

logg ut

Får du etterpå opp dette? utlogget

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja til begge deler.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Husker jeg hadde et liknende problem en gang i opera. Jeg fikk mamma til å bli medlem her, hun registrerte seg, og samtidig var jeg pålogga min profil, Når jeg da logga meg inn ved en annen anleding i nettleseren med min profil ble det en salig blanding av både min og mammas profil når jeg var logget inn. Vet ikke helt hva som skjedde der, om det kan ha vært at opera husker passordet automatisk hvis man har kommet borti husk passordknappen, eller om det rett og slett er en bug i bokelskere. :) Vi fikk det aldri til å fungere igjen i opera, men det fungerte fint i andre nettlesere. :)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Inspirert av deg, bytta eg nettlesar, og gjekk inn på bokelskere via Explorer. Det rare var at det var akkurat likt der. Og ingen av oss tre har vore på bokelskere via Explorer før... Men eg har jo gjeve han ei stjerne tidlegare, så eg veit det har funka før. Merkeleg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No har vi prøvd oss litt fram her. Det er framleis ikkje mogleg for meg å gje sonen min stjerner, og rediger-knappen hans står stadig trykkbar for meg. Men mannen min tipsa meg om at eg kunne trykke på han, og sjå kva som skjedde, og då kjem eg til 404 - Obstfelders feile klode :-). Så dermed har det antageleg aldri vore mogleg for meg å redigere, bare å trykke rediger... Og det er jo to forskjellige ting, ser eg no. Beklagar oppstusset.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Vil du at eg skal gå inn og logge han ut, og sidan prøve det same? Forsto ikkje heilt kva du meinte vi skulle gjere.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Prøvde for sikkerhets skuld om eg kan gjere endringar hjå meg sjølv no. Det kan eg. Har lagt til ei bok eg skal lese, og bokantalet hjå meg steig. Så eg er jo inne på meg sjølv, då?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sonen min har ikkje vore inne på bokelskere etter at han gløymde å logge ut, så han er i prinsipp då truleg pålogga enno. Kvar gong eg har logga meg på etter det (inkludert no) skjer det same. Eg kan ikkje gje han stjerner, bare redigere hjå han. Men mine bøker ligg øvst, så eg er pålogga hjå meg sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilSigrid Blytt TøsdalStig THilde H HelsethPiippokattaKirsten LundMarteToveIna Elisabeth Bøgh VigreStine SevilhaugNikkaMetteEllen E. MartolVegardTanteMamieAvaJohn LarsenMarianneNMorten MüllerGodemineSiljeNeraBjørg L.Andreas BokleserTheaGro Anita MyrvangSynnøve H HoelOddvarGJulie StensethKjetilLaila StenbrendenritaolinekriraKarin BergAmanda AHarald KGro-Anita RoenRavnBerit RBjørg Marit Tinholt