Kva gjekk gale i Sovjetunionen? Og kvifor? Dette er spørsmål som Hans I. Kleven prøver å finne svar på. I fyrste bindet av "Hva og Hvorfor?" går han gjennom både den teoretiske behandlinga av sosiale og politiske omveltningar og hendingane i samband med Oktoberrevolusjonen og åra fram til andre verdskrigen. Dette er spesielt interessant fordi Kleven har inngåande kjennsksp til mange av sidene ved utviklinga. Han trekkjer fram mange kjelder som til no ikkje har vore offentlege, og det går an å velje å sjå det som ein fordel at han lèt mange av desse kjeldene tale for seg sjølv, men det kan så absolutt innbendast at forfattaren i større grad kunne ha vurdert meir av kjeldestoffet. Synspunkta hans på Trotskij og andre av Stalins motstandarar fortener å bli lesne, og han skal ha takk for å trekkje fram Palmiro Togliattis erfaringar frå Komintern. Heile tida har Kleven blikk for norske forhold og diskusjonar i den norske arbeidarrørsla om utviklinga i Sovjetunionen og Komintern. Berre så synd at boka er skriven i ein sterkt splitta stiltone med norsk ordval og bøying og dansk syntaks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Akima MontgomeryKirsten LundHarald KHanne Kvernmo RyerubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig T