Det er alltid sterkt å lese Liam O’Flaherty. I sommar har eg vore på Aran-øyane i Irland, der meisteren vart fødd. Øysamfunnet er ein tydeleg bakgrunn for handlinga i ”The Black Soul”, der natur og menneskesinn speler saman og mot einannan i eit forrykande tempo som følgjer årssyklusen. Her er realisme blanda med psykologiske skildringar der livet vinn til slutt. Sjeldan har eg lese så intense skildringar.