Henry Smart er tilbake - i Irland! Roddy Doyles tredje roman om Henry Smart, helten med trebein frå påskeopprøret i 1916 og den påfølgjande borgarkrigen, er ein fin opptur etter bind to ("Oh, Play That Thing"), som etter mitt syn var FOR fantastisk og burlesk. Her, i "The Dead Republic", finn eg mykje av stemninga og tonen i den rett ut sagt magisk-relaistiske à l'irlandaise "A Star Called Henry". Der vi i "Oh, Play That Thing" møtte Louis Armstrong i ei heilt usannsynleg og rotete historie, blir vi rett nok i fyrste delen av "The Dead Republic" plaga med både John Ford og Maureen O'Hara, men så brakar det laus: Henry Smart er tilbake i Dublin og Belfast og heile fredsprosessen - og helten med trebeinet står på som før ... Godt å finne denne romanen i ei bokhandel i Galway i sommar!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Yvonne JohannesenBjørg RistvedtHarald KBjørg Marit TinholtRufsetufsaReidun Anette AugustinHanneTatiana WesserlingPiippokattamarithcTine SundalEllen E. MartolJohn LarsenTorill RevheimBirkaKirsten LundSol SkipnesBjørg L.Ingunn SJulie StensethStig TFrode Øglænd  MalminTor-Arne JensenHilde H HelsethKarin  JensenRuneAvaAud- HelenInge KnoffHeidisiljehusmorChristoffer SmedaasAkima MontgomeryKristine LouiseAnne-Stine Ruud Husevågmay britt FagertveitLailaTanteMamiePia Lise SelnesKine Selbekk Ottersen