Tracy Chevalier (forfattar av Pike med perleøredobb) har kome med ny bok. Eg kunne ikkje vente til ho kjem ut på norsk, så det blei engelsk. Ho heiter Remarkable Creatures. Det er ein roman basert på verkelege personar og hendingar på begynnelsen av 1800-talet.. Handlinga er legt til ein landsby på søraustkysten av England. Mary Anning og Elizabeth Philpot er to damer som leitar etter fossilar på strendene. Mary sel sine til turistar og samlarar. Då ho finn eit skjelett av eit fortidsdyr, blir ho kjend i dei vitskapelege kretsane.

Ein skulle tru at dette ville vera ei kjedeleg bok, men Chevalier har skapt ein levande og interessant roman. Her finn vi vennskap, kjærleik, svik, forsoning. Minner litt om Jane Austen, som forresten er nemnd i boka. Tittelen viser både til dei fossile skapningane og til dei to damene sjølve. Dei passa ikkje akkurat inn i dei normene som kvinner på den tida måtte rette seg etter.

Absolutt ei bok å anbefale!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Dagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFlillianerIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11Harald AndersenMorten BolstadAnn-ElinTove