Eg anbefaler i alfabetisk rekkefølgje:
J: Rolf Jacobsen: Alle mine dikt, Roy Jacobsen: Seierherrene (Vidunderbarn skal visst og vere god, men eg har ikkje kome så langt enno), Jens M. Johansson: Bisettelsen har funnet sted, Sara Johnsen: White man, Lloyd Jones: Mister Pip.
N: Her er krimforfattarar i fleng: Nesbø, Nesser og Nygårdshaug. Vil og anbefale Prost Gotvins geometri av Nygårdshaug.
Q kan eg dessverre ikkje hamle opp med.
T: Craig Thompson: Tepper (flott teikneserieroman)
U: Anya Ulinich: Petropolis
V: Kristin Valla: Muskat
X: Har eg ikkje lese noko på, men på leselista mi står Xinran med Tapte døtre. Den skal visst vere god, men svært sterk.
Æ: Dessverre ingen her.
Ø: Vil henge meg på Øyehaug-anbefalinga, men med anna bok, nemleg novellesamlinga Knutar.
Å: Dessverre ingen her.
Håper at noko av dette vil smake.
Viser 1 svar.
Takk for mange forslag!
Seierherrene av Roy Jacobsen har jeg sett nede i stua. Dessverre er jeg litt pysete når det kommer til såpass store bøker at de ofte blir utsatt.. utsatt.. og utsatt.
De andre skal jeg se nærmere på! Takk igjen.