I løpet av den siste månaden har eg endeleg blitt kjent med Jon Fosse. Har lest Nokon Kjem til Å Komme, Naustet og Andvake – takka vore anbefalingar frå andre bokelskarar. Det er berre å seie; for ein forfattar!

Rytmen (den suggerande rytmen!) og gjentakingane skaper ein musikalitet i språket som verker så lett, men som er akk så vanskeleg å gjenskape. I tillegg er historiene godt gjenkjennelege (i alle fall for meg) og allmenngyldige. Trudde eigentleg ikkje Fosse var noko for meg, men eg er gledeleg overraska over å ha tatt feil.

Til slutt: kan du anbefale meg andre verker av same forfattar?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 6 svar.

Beklagar seint svar, men eg ser Olav har trødd til med godt svar. Eg ser du ikkje har lese Morgon og kveld? Gled deg! Litt meir tunglest er Melancholia I og Melancholia II, men det er flotte saker. Og så har du dei tre barnebøkene som går under namnet Hundemanuskripta 1, 2 og 3. Og så er det dikta ...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja det er dette eg også liker med Fosse! Skodespela hans får ofte tankane til å arbeide hardt, med fortolkningar, idear om kva han meinar, osb... Så språket er det siste eg leggjer merke til. Men, når eg er ferdig med stykket, har eg eit ekko i hovudet, frå alle rima og rytmen - heilt utrulig korleis dei klarer å snike seg inn, suggerande som du seier! =)

Og aldri skal vi skiljast, synes eg er det beste han har skrive (av skodespel). Draum om hausten og Dei døde hundane, var også svært gode =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tusen takk - trur det bers ein tur til bokhandlaren igjen (på Fosse-shopping), før eg vender snuten mot England og Skottland ;)

Eg må få tilføye at eg verkeleg har fått utbytte av å bli medlem av bokelskere.no - ha fått utruleg mange tips (blant anna frå deg) og gode lesestundar etter at eg oppdaga denne sia.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

England ja, du må ha god tur! Det vert spennande! =)

Eg vil forresten også ha Shakespeare tatovering! Så du er flink til å bidra med gode tips/ setje grillar i hodet på folk ;)

Går treigt med Eco, diverre (må få han på norsk trur eg). Eg har spionert på favorittbok lista di og leser for tida Ut og stæle hester, og en bønn for Owen Meany - lurer litt på U, men den var så volumiøs - så litt skremande =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg skreiv ein bokomtale om U i går. Herregud for ei bok - den er tung å komme i gang med, men så utruleg bra!

Etter å ha lese mange korte bøker i sommar (blant anna takka vere deg), fekk eg mot til å bryne meg på eit større verk. Og ikkje har eg angra eit sekund.

England er forresten mitt favorittreisemål. I år går turen til London, Nottingham, York og Edinburg. I Nottingham skal eg på "Murder Mystery Weekend" - gler meg som berre det! Eg skal sjølvsagt også ta ein tur ut i skogen og rope etter Robin Hood;)

I tillegg skal eg utvide Shakespeare tattoveringa - forfattarens profil skal tegnast inn på leggen min for evig og alltid. Det må sjølvsagt skje i England - kor ellers?

Så bra at du får nokre tips frå meg òg - håpar du etterkvart vil like Eco. Irving er og blir ein av favorittane og Ut å stæle hester er vond og god og "fin" (he he) på ei og same tid

Godt sagt! (0) Varsle Svar

U høyres ut som ei bra bok, men trur eg må manne meg opp ei stund til =)

Du får oppleve ein del ulikt av England (og Skottland) då! Sør-vest England og Wales er vel det som lokkar meg mest, eg har faktisk aldri vore i England..

Hels Robin Hood =) han er nok ein likandes kar (til tross for at det nyleg vart laga ein dårleg film om han).

Eg har faktisk ein kammerat som har bilete av Hemingway og Borges på stumpen (ikkje spørr korleis eg veit det!), så du er ikkje den einase dedikerte litteraturelskaren, men Shakespeare synes eg høyres ut som eit sunnare valg..

Snart ferdig med Ut å stjæle hester, eg synes den er bra, men ikkje så fantastisk som alle vil ha det til, men eg trenger ofte litt tid i etterkant til å få meiningar på plass =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Nils PharoKirsten LundTorill RevheimHeleneÅsmund ÅdnøyHenrik  Holtvedt AndersenritaolineToveLinda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaNicolai Alexander StyveHarald KLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenThomas KihlmanTor-Arne Jensen