Det heiter seg at få kvinner likar Hemmingway, og at mange unge ikkje "forstår" det han skriv. I den forstand har eg alle forutsetnader mot meg. Og det høver godt, for eg fann boka umåteleg keisam. Noko av grunnen må kanskje tilleggjast Johannes Eckhoff, som leste inn lydbokutgåve eg høyrde, og som (genau) er ein gamal mann og las inn med forventa monotomi og forrakt for hastig gjennomlesing. Her fekk kvar setning, nær sagt kvart ord, sin fortente kunstpause. Dette kunne likevel oversjåast om innhaldet var godt, noko eg ikkje syns. Mannen fiskar, tenkjar på havet, garn og gutar (ikkje misforståast i pervertert retning, men den vesle fiskarguten som er ein slags læresvein for den gamle). Kanskje vil eg finna boka interessant når eg byrjar å få grå bartehår, men det kan eg ikkje ta omsyn til. Kristin à 2010 seier høgt, utan den minste skuld eller skam: Hemmingway er ein bolle. Så får heller framtidas Kristin ta seg av unnskuldingar og kniks.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 4 svar.

Eg kan anbefale ei bok av Hemingway og det er Edens Have. I den vert ein kasta inn i eit skikkeleg trekantdrama, og slanger i paradis er alltid aktuelt ;)

Kjenner ikkje til så mange av novellene hans, men ei av dei hugsar eg svært godt: "hills like white elephants". Den skulle eg analysere på vidaregåande og skjønte ikkje bæret av den, men så kjente eg ein gamal, britisk litteraturprofessor som for lengst hadde gått av med pensjon, og ho stillte gjerne opp med forklaringar og moglege tolkningar i både bøtter og spann. Eg trur ho satt i 3 timar og fortalte om denne teksten, noko som verkeleg vekka ein analytisk interesse hos meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du prøvd Klokkene ringer for deg? Eller Farvel til våpnene? Den første er en av mine favoritter. Ikke gi opp Hemingway før du har sett på disse to!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mitt forhold til Hemmingway er svært broket; har lese nokre novellesamlingar og avbrote fleire bøker (mellom anna Farvell til våpnene). Og sjølv om eg innser at det er kvalitet i det han skriv, så får eg meg ikkje til å lika måten han skriv på. Det er noko kort, knapt og konsist over det som eg ikkje kan svelga, det må altså tilvenning til. Antakeleg gjev eg, som du påpeikar, Hemmingway ein viss urett, men når det finns så mange bøker i verda eg ikkje har lese, vert Hemmingway lagt til side.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg er helt enig med deg når det gjelder novellene hans. Jeg liker ingen av dem. Klokkene ringer for deg er en av disse bøkene som jeg vender tilbake til hele tiden. Farvel til våpnene er ikke like god. Men jeg ser ingen grunn til å lese noe jeg ikke liker, så jeg er altså enig med deg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

OleLena DammenRune U. FurberggretemorBerit RConnieBjørn SturødGrete AastorpAnneWangritaolineJohn LarsenKirsten LundToveHeidi HoltanAliceInsaneBente NogvaVannflaskeLinnTurid Kalvatn SchøyenBjørg L.Harald KTone SundlandRaymonIngvild SSigrid NygaardBeathe SolbergPia Lise SelnesHarald AndersenSolveigFindusLilleviTheaIreneleserInger-LiseTine SundalReadninggirl30William BillisonLailasiljehusmorTor-Arne Jensen