He he, eg er òg svært rask til å trykke på ”har lest”-knappen… Inspirerande, absolutt! Dessutan er det å kverulere og diskutere alltid morosamt – faktisk kan ein kome på betre tankar sjølv, òg.

Eg blir glad kvar gong eg kan gi tips til andre; ikkje gje deg med Umberto Eco. Tru meg - han er heilt fantastisk! Han er omtrent den einaste forfattaren eg MÅ kjøpe innbunde (skjønnlitterære)bøker av, og aller helst tvert dei kjem ut på marknaden.

Til sist; trur det var du som skreiv noko om nb.no – tusen takk! Takk òg for gode innspel og anbefalingar dei siste månedane.

NB: Trur eg skal våge meg på Dag Solstad snart – har du tips til kva for bok eg bør starte med?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Enig med dere alle! En fantastisk side/klubb... Jeg har nettopp blitt medlem, og har brukt mange timer på å prøve å oppdatere siden... Så mange gode tips! Jeg har alltid tenkt på Umberto Echo som en mulighet, men kanskje at han var litt vel sær? Men skjønner at jeg bare MÅ lese noe av ham nå! Ellers har jeg sjekket ut om noen andre deler leseinteresse med meg, og som alltid ser jeg at det er få..? Er det få som leser om politikk og samfunn - ren fakta?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Einaste "problemet" med bokelskarar, er at den tar opp ein del tid. Eg skulle tru at eg nyttar i alle fall 1 time kvar dag på å lese nye innlegg, oppdatere, skrive litt sjølv osv... Men det er jo kjekt dette også, så vert kanskje feil å kalle det eit problem.

Ja, kverulering er ein edel kunst. Sjølv er eg svært glad i å sette ting på spissen, og du har rett i at nye tankar fort kan dukke opp på den måten ;)

Umberto Eco i innbunden form... Ja han får nok ikkje den respekten frå meg ;) Han har eg nemleg lasta ned i pdf format. Eg må ærleg innrømme at omlag 60 prosent av alle bøkene eg les er e-bøker, 35 prosent er lydbøker og berre dei resterande 5 prosenta, er bøker i bok format. Synd i grunn, for eg elskar lukta av bøker.

Eg har ikkje lese anna av Solstad enn Irr! Grønn! og novella "Moskva", ja også har eg sett filmen om Gymnaslærar Pedersen, og eg er ikkje i nærleiken av å anbefale han! Eg veit ikkje kva det er eg missliker med han, men uansett kor mykje vent eg høyrer om han, og kor fantastisk folk seier han skriver, klarer eg ikkje heilt å like han.

Irr! Grønn! handlar om menneska sin søknad etter identitet, og sin plass i samfunnet. Boka var vel heilt grei, men eg synes Loe gjer det same mykje betre i Naiv. Super. Han setter på ein måte ting litt meir "på spissen"

Berre hyggeleg å kunne hjelpe med tips, og sjølv takk =). Nb.no er endå ikkje heilt der det burde vere, men på god veg til å bli ganske bra!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpEirin EftevandMcHempettSolTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJHilde H HelsethIngeborg GsiljehusmorBeathe SolbergOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLars Johann MiljerubbelDagfinn JakobsenMette-MLene Andresen