det å sitja og sjå på eit fjell
gjer meg godt
hjartet blir roleg
og snøen på eit fjell
lyfter andletet mitt mot ein stad
inne i den skimrande snøen
og snøen
i lyset
seier meg
det er deg det gjeld
og då trur eg
at det finst ein stad
som også eg skal finna
der vinden snakkar lågt
og der kjærleik andar
i si lyse stille
av himmel og av jord
og er ein stad for kvile
i ei sky som driv forbi
Jon Fosse, «Snøsong» - diktsamlingen Stein til stein / 2013 & Dikt i samling / 2021