Nå har dere vel (stort sett) alle svarene - lett, ikke sant? Hvem er så min favorittforfatter? Btw - noen av svarene er basert på norsk tittel, andre på engelsk

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 8 svar.

Umberto Eco...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hurra - endeleg;) Var artig å vere i denne enden av quizen! Har du lese noko av Eco? Om ikkje; han er heilt fantastisk. Eg blir heilt satt ut over kor mykje han veit og over korleis han formulerar seg - stor takk til den norske omsettaren

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Flink Anja! Quizen var akkurat passe vanskeleg ( eg baserer meg på det å kunne rundt 60%) Kanskje eg sjølv skal prøve å lage ein quiz.

Eco...Har knapt nok høyrt om mannen ;) Men han må nok prøvast, men han må nok stille seg i kø, skal først kome meg gjennom Paasilinna, så er det Shakespeare samlede verker, meir Fosse, Askildsen, litt svensk krim: Läckberg og Theorin, litt av Brontë(ne), Preacher, Lucifer og så har eg tid til Eco - kva likar du best av han?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Håper du òg kan lage ein quiz (eller fleire) - det er artig å bli utfordra!

Eg held med deg når du seier at du vil lese Shakespeare; ein av dei mest fantastiske forfatterane som nokon gong har levd (min nummer to eller ein, alt ettersom kva for humør eg er i) -eg vel å tru på han, ikkje på alle konspirasjonsteoriar- hans forfattarskap har ført meg til Storbritannia meir enn ein gong! Og: eg har ei tattovering til ære for han - det seier vel det meste;)

Läckberg og Theorin skriv god krim og Brontësystrene har kome med fleire klassikarar - eit must, rett og slett! Du veit vel òg at eg likar teikna romanar - det er deg vel undt å kose deg med desse.

Når det gjeld Umberto Eco er det vanskelig å seie kva for roman eg likar best. Dette er rekkefølgen, trur eg;

*Foucaults Pendel er ein tidleg og utroleg mykje betre framstilling av dei tema som Dan Brown tek opp i DaVinci-koden (hemmelege ordenar osv..), adskillig meir intelligent gjort òg.... Om du hatar Brown; ikkje ver redd for lese denne boka!

*Rosens Navn gjer deg eit kriminalmysterium, i tillegg får du vite om eit hemmeleg og forlengst forsvunne bibliotek - eg gret nesten ved tanken på at alle desse manuskripta har forsvunne!

*Øya Fra Dagen Før seier noko om aspektet av tid - kva skjer om ein befinn seg på 0-meridianen?

*Baudolino handlar om tempelriddarar. Den herlegaste delen er starten, der lesaren må knekke lesekoden på nytt - forteljaren er nemleg ein person som ikkje snakkar latinsk særleg godt (omsettaren har gjort ein framifrå jobb!)

*Dronning Loanas Mystiske Flamme er vel den boka eg har likt minst så langt. Eg var veldig engasjert lenge, men slutten fikk eg ikkje heilt fatt på.

I tillegg har Eco skrive fleire essaysamlingar - han er jo professor, må vete! Eg har nokon av dei i bokhylla, men har ikkje våga meg på dei enno - er redd for å strekke til kort...

Håpar du vil lese noko av Eco. Kan hende eg ikkje har overbevist deg med mine enkle ord, men; han er verkeleg verdt både tid og ettertanke;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Då skal eg sjå om eg kan få laga ein quiz, utfordringar er alltid artige.

Det er verre personar å hylle enn Shakespeare, eg tippar du må vere ein engelsklærar som likar å formidle! Sjølv likar eg Shakespeare svært godt, og les han no på både norsk og engelsk for å få med meg det meste (synes han skriver litt tungt til tider, og då er det greit å kunne sjå på Bjerkes fantastiske oversetting). Ja den Englandsturen du snakka om her om dagen fekk også meg til å drøyme om Britannia, så no er det mogleg eg sjølv tar turen, men det som appelerer mest til meg er nok arturianske legender.

Enig, Läckberg og Theorin er god underhalding som verkeleg går unna =)

Brontëne likar eg å kikke nærare på, eg driver akkurat no med ein svært omfattande studie av stormfulle høyder og satsar på at eg kan bruke den i ei av semesteroppgåvene. Eg skal vel snart skrive ei bacheloroppgåve innan litteratur og har lurt litt på kvinnelitteratur på 1800-tallet.

Grafiske romanar er fantastiske! Favorittane er til no er Sandman og Elfquest.

Eg hatar Brown så Foucaults Pendel trur eg at eg må plasere litt lengre opp på prioriteringslista. Temaet er jo unekteleg interessant!

Rosens navn høyres skummel ut, eg og er svært bedrøva over all kunnskapen som har gått tapt opp gjennom åra, alt var jo unekteleg betre før (under krigen).

Eco er vel då ein forfattar som fortjener mi merksemd, du har overbevist, men bør han lesast på norsk eller engelsk?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har lest dei fleste bøkene av Eco på norsk, meiner det ikkje gjer noko sia bøkene på engelsk likevel vil vere omsett...

Ha ha- rett gjetta: eg er ein dedikert engelsklærar. Huff, kjenner meg gamal og gjennomsiktig;)

Treng forresten synspunkt om noko - ok om eg sender deg ein mail?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja delar den same filosofien angåande oversettingar, så då vert det norsk. Deilig å kunne slappe av med bøker på norsk av og til.

Du er ikkje så veldig gjennomsiktig, men eg leser dei fleste som bøker (løgn?). Du får trøyste deg med det. Kva alderen din angår kan eg ikkje hjelpe... ;)

Synspunktet er svart på!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Takk igjen - eg sett verkeleg pris på svaret ditt;)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergSolTatiana WesserlingHilde H HelsethArne SjønnesenKirsten LundGroMonica CarlsenKetilGrete AastorpEirin EftevandMcHempettTor Arne DahlMads Leonard HolvikJoakimSigrid NygaardIngunnJIngeborg GsiljehusmorOdd HebækJan Arne NygaardToveBjørg L.Thomas KihlmanKristine LouiseLailaEllen E. MartolgretemorAgnete M. HafskjoldKjersti SJon Torger Hetland SalteEivind  VaksvikTine SundalReadninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalle