Vi skal ikkje sova

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
Ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra isaman ute
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta
som krusar med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng
men vandra i lag under bleikblåe himlen
til fuglane lyfter veng.

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera isaman
like til morgongry.

Aslaug Låstad Lygre (1910-1966)

Disse dagene, dette livet

Dikt vi har sammen, i utvalg av Ruth Lillegraven og Tordis Ørjasæter

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

HeddaMIngunn SKirsten LundSynnøve H HoelHarald KVannflaskeBjørn SturødJane Foss Haugenandrea skogtrø egganTove Obrestad WøienEvaTor-Arne JensenFrode TangenKristine LouiseTheaLailaMorten MüllerThereseHilde H HelsethReadninggirl30SolveigKaren RamsvikGunillaBeathe SolbergLabbelineHeidiHeidi HoltanMetteRuneEli HagelundMarit HåverstadBertyVibekeLaila StenbrendenBerit B LieMonica  SkybakmoenLars MæhlumChristin SillibakkenStine SevilhaugMona Hagen