Hmm dette var alt for vanskleg for meg, er også litt usikker på kva eg skal gjere. Eg prøvar å svare på det eg veit (trur eg veit) så kan nokre andre ta over der eg slapp.

Arnulf Øverland har oversatt "Hva nå lille mann", denne er eg sikker på!

Tittelen på boka om mordet i Skippergata er, "Det skjendige drapet i Skippergata" (poetisk), dette er eg rimlig sikker på, men huskar ikkje kva forfattaren heiter, vansklig navn trur eg.

Isabel Allende har direkte bånd til tidligare president i Chile (Salvador Allende?) denne er sikker!

Sigurd Hoel, litt usikker, trur han debuterte med ei diktsamling, men tippar den første romanen hans var "Syndere i sommersol".

Platons verk, også usikker, kjem berre på ein tekst av han, Gorgias, men det var gjerne ein av Sokrates dialoger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Arnulf Øverland ja, Forfatteren bak det skjendige drapet i skippergata heiter Finn Iunker. Allende er korrekt.. Sigurd Hoel sin debutroman heiter Syvstjernen, men syndere i sommersol (1927) var ikkje langt i frå. Platons Symposion var det eg tenkte på her. Gorgias har eg ikkje vore borti.. Svaret ville uansett vorte Arild Asnes som er hovudperson i Dag Solstads roman frå 1971 Arild Asnes 1970, Som handlar om den revolusjonære røysla på 70-talet og problemet med å identifisere seg politisk og ikkje psykologisk.. Ikkje dårleg!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, quizen var vanskeleg. Men bra at eg i alle fall hadde 2 riktige, tsk, og eg som alltid brukar å hovere i pubquiz... jaja. Eg får prøve meg på den siste i morgon.

Dag Solstad misslikar eg sterkt, utan annan grunn enn at eg ikkje heilt klarer å forstå kvar han vil, og kva som er så fantastisk med han. Eg har lese Irr! Grønn! og novella Moskva av han, og sett filmen om gymnaslærer Pedersen. Eg har intrykk av at Irr! Grønn! hanlar om identitet og rollemønster i samfunnet og Moskva og "GP" synes eg verkar som sosialistisk propaganda.

Men Solstad er vel ikkje ein forfattar som skal lesast som underhaldningslektyre.

Nei no tar eg kvelden og vender attende til Brontës stormfulle høyder (på lydbok). God natt!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Solstad er nok ikkje i den forstand underhaldningslektyre men han har likevel ein del poeng, men då mest i dei seinare bøkene. Pubquiz ja det plar eg og briljere i, kvar måndag. Lydbok ja det høyrast bra ut, for min del sett eg på Dylan, det er min siste innstans på kvelden etter askildsen. Nyt Brontë!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Vidar RingstrømLailaNicolai Alexander StyveJarmo LarsenKari-AnneKirsten LundMarit MogstadKjersti SAud- HelenMads Leonard HolvikTine SundalTor Arne DahlGladleserCecilieG LMaikenMarenHilde H HelsethMorten MüllerBjørg Marit TinholtPiippokattaSvein Erik Francke-EnersenHarald KHilde VrangsagenqweeksilberFarfalleBerit B LieBenedikteAnniken RøilMarianne NordeideIngvild STorill RevheimGunillaLeseaaseSynnøve H HoelJakob SæthreIreneleserVannflaskeHanne Kvernmo RyeEmil Christiansen