Kjell Oskar Selman: Det beste arbeid hender kan gjere - fra diktsamlingen Draumen å danse på vatnet (1978)

Det beste arbeid
Hender kan gjere
Er å ta i eit menneske

Ingen kan ta
I eit menneske
Med knytta neve

Ingen kan ta
I eit menneske
Med folda hender

Det beste arbeid
Hender kan gjere
Er å opne seg

Ingen ting er sterkare
Enn ei knytta neve
Som opnar seg

Ta i eit menneske

Folda hender
Som opnar seg
Kan gjere eit under

Ta i eit menneske
Det er det beste arbeid
Hender kan gjere

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLinda NyrudPi_MesonPiippokattaStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo Rye