Mitt leseforslag er:
Huset i mørkret av Tarjei Vesaas
Huset i mørkret vart skriven den siste vinteren under 2. verdskrigen. Da boka kom ut i 1945, vart ho først og fremst lesen som eit fortetta uttrykk for nordmenns oppleving av den tyske okkupasjonen.
Huset i mørkret - det er sjølve biletet på det hærtekne Noreg. Men boka er meir enn ein okkupasjonsroman. Ho er ei allegorisk skildring av mennesket som kjempar mot undertrykking og vald, uavhengig av tidsepoke og stad. Her skildrar Vesaas på meisterleg vis styrken og veikskapen i mennesket, individet slik det viser seg når det blir sett på prøve.