Kvifor skrive ei bok basert i så stor grad på kommunenavn etter politikerjippoen rundt 2020, når ein kan bruke geografiske namn som aldri vil bli utdaterte? Men med sin politiske bakgrunn, så håpte forfattarane kanskje at kommuneendringane skulle halde lengre enn dei gjorde? Der er også ein politisk undertone i vinklinga av stadane dei beskriv, som eg finn upassande i denne type oppslagsbok. Skal f.eks eit høgst levande øysamfunn la vere å få fastlandsforbindelse fordi urbane turistar skal få lov til å nærme seg med ferge? Når eg les det som står om områder eg kjenner til er det dessutan svært mykje feilinformasjon. Det burde i alle fall høyre med til korrekturlesinga å google stadsnamna for å sjekke om dei i det heile tatt finst og om dei er i rett område. Det viktigaste i reisebøker er korrekt info. Ganske overraskande med tanke på bakgrunnen for disse to forfattarene (NAF og DNT), men boka har kanskje vore eit hastverksarbeid? Boka får dei to poenga for gode bilder og praktisk oppsett.