Selv har jeg lyst til å lese Til fyret av Virginia Woolf
Nynorsk utgave: Til fyret av Virginia Woolf
Engelsk utgave: To the lighthouse
Genre: Klassisk litteratur
Omtalt tid: 1900-1914 1914-1918
Omtalt sted: Skottland
Omtale fra forlaget på ny utgave, utgitt av Skald i 2021 (Skalds klassikarar):
Romanen «Til fyret» frå 1927 er stilmessig ei oppvising i den intense, djuptborande skrivemåten til Virginia Woolf. Samstundes er det ein mørk og sjølvbiografisk roman der ho nærast psykoanalytisk bearbeider oppveksten sin og forholdet til foreldra. Woolf meinte sjølv at romanen var hennar meisterverk, noko kritikarar har sagt seg samde i, både i samtida og ettertida. Boka vart ein bestseljar alt i Woolfs levetid.
Prosaen til Virginia Woolf er kjend for å søke sanninga i bevisstheita til romanfigurane
ved bruk av nye litterære grep. Alt i si levetid var Woolf sett på som ein stjerneforfattar, men først i samband med kvinnerørsla på 1970-talet vart ho for fullt oppdaga internasjonalt. Ingen av verka hennar er tidlegare utgitt på nynorsk.