Gode argument, og eg er naturligvis enig i at kiosklitteraturen "har vore" bøker av masseproduserande forfattarar som Ingulstad. Men eg er ikkje heilt enig i at dette er gjeldande no. Eg føler sjølv at begrepet kiosklitteratur har endra seg kraftigt den siste tida.

Du skriver at dersom kiosklitteraturen aldri hadde eksistert, ville mange mennesker aldri lest ei bok, og det er eg enig med deg i. Det er lettare (dette kan diskuterast) å gå inn i ein kiosk å plukke seg ut ei av dei 10 bøkene i hylla, (dette er vel gjerne eit utval av dei 10 mest solgte/mest populære bøkene som er i omløp - lat oss kalle det "populærlitteratur") enn å gå inn i ein bokhandel der valgets kvaler fort kan få deg til å spørre betjeningen om å anbefale ei bok (noko som igjen kan føre til at du sitter igjen med ei av kiosken sine 10 topp bøker).

Det eg meiner er at kiosklitteraturen i stor grad, gjenspeilar populærlitteraturen. Og då vert det klart at ein ikkje lengre vil finne f.eks Sandra Brown, og andre masseproduserte forfattarar på øverste hylle i kiosken, men heller forfattarar som Hislop og McCarthy, som absolutt ikkje fortjener å verte omtala som kiosklitteratur, men som for tida er ein del av populærlitteraturen, og dermed vert solgt over alt.

Men det er mulig eg tar litt feil når eg stiller den "nye" kiosklitteraturen på linje med populærlitteraturen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

De stativene med ti på topp som man finner i kiosk eller dagligvare i dag representerer ikke de faktiske ti på topp bøkene i Norge. DN og Bok og Samfunn har hatt flere artikler på dette den siste tiden. Det er kun bøkene til de kjedene som har kjøpt seg tilgang til å distribuere der som er med på den skalaen, ikke de andre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Tone HSigrid Blytt TøsdalNinaGro-Anita RoenJohn LarsenLars MæhlumIngvild SPiippokattaSigrid NygaardMartinCatharinaFindusKent Ivar Aasten OlsenEvaHilde H HelsethAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardKirsten LundSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie Stenseth