Hei alle saman.
Har aldri lest særleg med dikt, men har dei siste åra satt meir og meir pris på poesien.
Veldig mange dikt går meg rett over hovudet, nokre forstår eg ikkje til tross for at dei gir meg ein god eller vond følelse, men nokre....
Nokre dikt treff meg rett i sjelen, varmar meg opp, og får meg til å tenkje kor heldig eg er som i dette øyeblikk, heilt åleine, mottek desse strofene som dalande snøfnugg som landar berre på meg.
Eg kan ikkje anna enn å tru at det også er fleire som tenkjer det same. Tenkjer derfor at det hadde vore fint å fått starte ei gruppe (om det ikkje finst allereie?!), her eller annanstads, som deler og analyserer dikt saman, og hjelper kvarandre med å bli betre på diktlesing. Ja, for den saks skuld, også på å skrive dikt. Nokre som er interessert, og vil være med å stake ut ein veg?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

LilleviMathiasPiippokattaKirsten LundAlice NordliJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MHarald KLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieStig TNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente Nogva