Personleg er eg ein stor fan av George R.R. Marin, og bokserien hans "the Song of Ice and Fire".
Handlinga går føre seg i eit oppdikta middelalder-liknande univers, der kampen om kongemakta står sentralt. I bøkene vert ein introdusert for fleire av partane i denne striden. Det er ikkje noko klart skilje mellom godt og vondt (som ellers er så vanleg i fantasy genren), og det står dermed fritt for lesaren å velje kven av hovudpersonane han eller ho skal holde med, alt etter smak og moral.
Bøkene er fullstappa av renkespel og intriger, riddarar, heltinner og prinsesser i eksil, store turneringer og blodige slag, drager og magi, og mykje anna episk og spanande.
Ein bokserie eg absolutt vil anbefale til alle.