Skiringsheimen… Må innrømme at eg først las det som ”sikringsheimen”, utan at det ga noko meir meining.

Ja, det er herleg å lese vanskeleg tilgjengelege bøker saman med andre. Vi er ei gruppe på til saman 13 personar, med eit aldersspenn på over 30 år, som møtast ein gang i månaden. Sidan vi er eit leseselskap er det bestemt at vi skal lese heile verket vi held på med høgt - dette gjer at vi bruker lang tid på kvar utfordring. Premien er ei reise etter avslutta arbeid. Til no har vi vore gjennom Ulysses, Don Quijote, Brødrene Karamasov og komedien.

Da vi las komedien satt også eg og tenkte på kor eg høyrer heime i helvete – det kan godt hende at det er reservert ein plass for meg der. Sidan eg ikkje har barn å ete, er eg ganske sikker på at eg slipp å ete hjerne iallfall!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Hehe, "Sikringsheimen" faktisk. Ikkje heilt feil den!

Eg har vurdert å sjå om eg kunne finne meg eit "leseselskap" sjølv, her i nærområdet. Problemet med eit slikt lag, slik eg ser det, vert tida ein dvelar ved kvar bok, eg likar nemleg å fullføre bøkene raskt, og ikkje over fleire år. Men sikkert kjekt uansett å drøfte med personar frå fleire generasjonar.

Hjerneetinga hugsar eg faktisk ikkje (var det han som tygde på erkebiskopen?), det som sjokkerte meg mest var faktisk kjettarane si straff, dei måtte ligge nedgravd med beina opp i ildgraver. Litt usikker på kvifor nettopp denne festa seg. Uansett tykkjer eg Gustav Dore sine illustrasjonar var svært gode og livaktige, men eg opplevde ikkje nokon paradislengsel.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

No er eg i Firenze/Siena/Ravenna/Milano på Dante-inspirert reise og kom på denne tråden. Må seie at det har sine gleder å vere med i eit lese-/reiseselskap! Det er meir enn 30 år mellom yngste- og eldstemann i gruppa, og det er som du seier interessant å drøfte litteratur med menneske som har ein anna ståstad og ein anna livserfaring enn deg sjølv.

Hjerneetinga: det var to som måtte spise hjernene til kvarandre fordi han eine hadde mura den andre og familien hans inne på eit rom. Der svalt dei og til slut åt dei kvarandre... Hjerneeting var med anna ord ein passande straff, sjølv om eg synst synd på han som måtte ete barna sine!

Kjettarane: Ja, det kan vere vanskeleg for mange å akseptere at ein i Dantes univers får straff for ikkje å tru... Å vere kjettar var straffbart på den tida Dante levde. Det å skilje seg ut/vere dissident, anten religiøst eller politisk, var vel ikkje det luraste. Det fikk jo Dante sjølv smake på kroppen etter kvart...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er jo flere måter å lese på - jeg kan sprenglese en bok, fordi jeg ønsker å bli ferdig - vite hvordan den ender eller jeg kan bruke yid på den - nyte språket og kose meg med framdrifta. Det genuine med et leseselskap er fellesskapet - det er noe stemningsfullt ved å lese ei bok sammen - da har det for meg faktisk vært helt ok å bruke lang tid på boka. En annen ganske vanlig måte å organisere bokselskap på er at deltakerne leser ei bok til hvert møte for å snakke om boka. Da vil du komme deg raskt gjennom boka og kunne diskutere den etterpå. Om det skal være flere generasjoner, vil jo være avhengig av hvem du evt får med deg. Den felles leseopplevelsen vil da mangle, men det er ikke sikkert vil være noe savn. For meg er det en stor hjelp og gir en ekstra dimensjon å lese vanskelig tilgjengelige bøker i fellesskap - og det var sammen med et leseselskap også jeg kom meg gjennom komedien. Er enig med både Anja og Olav i at Helvetet fenget mest. Min fascinasjon gikk også på hvor Dante hadde plassert forskjellige mennesker, både historiske og fra litteraturen, og hvordan han plasserte dem i de forskjellige sirklene. Det hender jeg sjøl får lyst til å plassere noen av nåtidas mennesker i de forskjellige sirklene. Hadde det ikke vært for slemt, kunne jo det ha vært en artig liten beskjeftigelse... Hvem ville vi ha plassert hvor;-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Rune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiKirsten LundMartineDemeterElin FjellheimIngunn SNorahTove Obrestad WøienOddvarGLilleviMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima MontgomeryConnieIreneleserLene MMarianneNCecilieJarmo LarsenAmanda AJBHilde MjelvaHeidi LEster SPiippokattaDolly DuckTrude JensenStine SevilhaugHanne Kvernmo RyeNina