Tykkjer dette var ein spanande tråd.

Det første som slo meg var at skilje på maskulin og feminin litteratur først og fremst er fremtredande i bøker for barn. Då eg var liten (for veldig lenge sidan), var alle jentene i klassa medlem i Pennyklubben, eg ville også vere med i den, men fekk ikkje lov. Eg måtte ta til takke med Hardy guttene, Bobbsy barna, og til nøds frk. detektiv. Ein gong sneik eg meg ned i kjellarstova midt på natta for å lese, og vart tatt på fersken med ei bok frå "Ina-Serien" i fanget. Dette vart slått hardt ned på. Den gongen trudde eg at det var fordi eg hadde lese i ei ungpikebok, men det slår meg no at det kanskje kan ha vore nattevandringa som vart sett på med skepsis.

I vaksen alder trur eg skilje vert mindre, men vi har jo, som mr Garatun var inne på, chick-litten, ein sjanger svært få menn vågar seg inn på. Sjølv las eg 17 sider i "En shopoholiker treffer blink", og det holdt for meg. Trur bøkene stort sett handler om kvinner som bruker alt for mange pengar på sko. Hornby har eg ikkje lese så eg kan ikkje bekrefte eller avkrefte noko maskulint motstykke.

Eg har også inntrykk av at kvinner er meir tilbøylege til å lese bøker av kvinnlege forfattarar, men det kan hende eg baserer dette på at kvinner generelt leser meir enn menn. Då eg var inne på Norli for å kjøpe "Øya" av Hislop, vart eg møtt med det konstanterande "Det er vel en gave" frå ekspeditøren. Ho vart sjokkert då eg avkrefta det.

Når det gjelder mine eigne lesevaner så leser eg like mykje av kvinnlege forfattarar som av mannlege, sjølv om dette er vanskleg å bekrefte sidan ein del kvinnlege forfattarar skjuler seg bak anonyme initialer, kjønnsnøytrale namn og mannlege pseudonym.

Vart mange ord dette her, orsak om nokon føler seg støyt, eg veit ikkje betre.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Mange gode ord, Olav. Jeg tror du berører noe som kanskje er vesentligere i forhold til menns lesevaner enn noe annet: Skyldfølelsen. Har vi menn en følelse av at vi titter oppunder skjørtene på kvinner når vi leser "typiske" kvinnebøker? Er det en verden vi ikke "skal" ta del i? Kanskje det da er lettere å hive seg over Hardy-guttene, fortsette med Jack London og Morgan Kane og ende opp som edsvoren Chandler og Hammett-fan? Så slipper vi å forholde oss til disse "skumle" kvinnelige forfatterene. For hva styrer egentlig våre lesevaner? Og hvorfor ender de fleste menn opp med å lese betydelig mindre litteratur enn våre mødre, søstre og døtre?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAnn EkerhovdBerit B LieHegeHarald KHeidi HoltanKirsten LundInger-LiseTrygve JakobsenDolly DuckReadninggirl30TheaHilde H HelsethCathrine PedersenAgnete M. HafskjoldTine SundalBeathe SolbergTjommiLene MBjørg Marit TinholtConnieToveJakob SæthrealpakkaPär J ThorssonSynnøve H HoelFindusEllen E. MartolDaffy EnglundMonica CarlsenIngunnJKarin BergIngeborg GEli HagelundGrete AastorpAkima MontgomeryNora FjelliAnniken RøilAliceInsaneBård Støre