Boka inneheld to langdikt: Kyst og Sør. Begge er knytte til landsdelen Sørlandet. Det første skildrar Sørlandet gjennom dei fire årstidene, knytt an til dei fire elementa. Det er kanskje PHH slik vi kjenner han frå tidlegare dikt, men lettare tilgjengeleg enn t.d. delar av ”Kvartett 2008”. Det er ei perle av eit dikt og skildrar landskapet som endrar seg gjennom årstidene.

Diktet Sør har ein heilt annan karakter. Det er meir ein ordrik, flytande (ikkje utflytande) monolog, med slåande formuleringar, anekdotar, ordspel – men også nydeleg poesi. Det er eit rikt dikt, - både poetisk, pratsamt og enda til politisk. Det alluder til både til Petter Dass og Vilhelm Krag, Sabeltann og Julius. Han omtalar småbrukarar, fiskarar, taterar. Og sjølv om det er eit bilete av sørlendingen, så er her folk og fenomen og landskap ein vil kjenna att uansett kvar ein bur.

Dette diktet overraska meg. Visst har det formuleringar som ein kjenner frå PHH tidlegare, men også er her noko heilt nytt, ein skarpare og samstundes meir leikande penn.

Boka ”Kyst. Sør” vil eg lesa fleire gonger. Boka har kome ut på eit mindre sørlandsforlag, men bør ikkje drukna av den grunn.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Eileen BørresenHanneHelena EDaffy EnglundLeseberta_23Elin Fjellheimingar hTove Obrestad WøienMarianneNLesevimsaJulie StensethBeathe SolbergTone Maria JonassenTone HHanne Kvernmo RyeLinda NyrudEvaBjørg  FrøysaaKirsten LundDemeterReidun Anette AugustinVibekeHarald KVannflaskeConnieStig TAmanda AChristin SillibakkenCecilieAgnete M. HafskjoldIngeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg Ristvedt