Takk for tipset! Eg likte godt Mors og fars historie. Liker dessutan godt stemma til Hoem. Må sjekke om Heimlandet. Barndom finst på lydbok.
Viser 2 svar.
Det gjer ho. Eg høyrde ho for ca eit år sidan. Likte ho så godt at eg gjekk rett vidare på Kjærleikens ferjereiser, men det var ein nedtur. Då eg nokre månader seinare fann Mors og fars historie vart eg lukkeleg. Hoem er god på lydbok, men best når han skriv med utgangspunkt i historien.
Eg har bare lese to bøker av Hoem: Mors og fars historie og Jordmor. Sistnemnde er og skriven med utgangspunkt i historien, nærare bestemt Hoems oldemor (eller var det tippoldemor?) som var jordmor. Sterk og god historie. Det er også den delen av boka som er skriven av Tove Nilsen, sjølv om det er nyare jordmorhistorier som ligg til grunn for hennar del. Boka vart utgjeven i samband med 100-årsjubileet til Den norske jordmorforening i 2008 og kan absolutt anbefalast.