Jeg håper ikke du har noe i mot det, Quijote, men jeg har plukket ut alle sammendragene dine av kapitlene i Brødrene Karamasov og lagt de i riktig rekkefølge. All honnør og takk til deg. Gjør det på denne måten for å kunne legge en lenke på lesesirkelens hovedside.

Fyrste delen begynner med Aljosja, "min helt", som forteljaren seier" (s. 39 i utgåva mi), og det er han som står i sentrum i "Første bok" (kap, III og IV). Forteljaren, ja - han skriv om "byen vår" (s. 29) og at Aleksej allereie hadde budd eit år "hos oss". Altså er forteljaren del av forteljinga; om "forfatteren" i forordet er den same som forteljaren, veit eg ikkje, og eg slår ikkje opp i sekundærlitteraturen for å sjå kva andre har sagt om dette, men forteljaren kan i alle fall ikkje vere Dostojevskij. Aleksej minner meg på enkelte punkt om fyrst Mysjkin i Idioten. Interessant - og ein studie verd.
Forteljaren teiknar eit lite sjarmerande bilde av Fjodor Pavlovitsj Karamasov - ikkje utan grunn, med tanke på kva som skjer seinare.
Starets Sosima kjem til å spele ei viktig rolle. Ein "старец" er ikkje noko meir innvikla enn ein åndeleg rettleiar, ein slags mulla, kanskje, og forteljaren forklarer jo utførleg om denne funksjonen i den ortodokse kyrkja. Ordet er ei omsetting av det greske "γέρων", ("gamling, ein eldre kar"; jf. geriatri), og den slaviske versjonen finn reiselystne att i ord for "Gamlebyen" i slaviskspråklege område - Staré město i Praha er jo fantastisk, og Stari grad i Beograd har eg gode minne om; Starówka i Kraków har eg ennå att å besøke. Ute på viddene eller dei russiske steppene nå, men eg har nå alltid hatt ein hang til språklege digresjonar.

I.2.I «De kommer til klosteret»
Etter at dei fleste av familiemedlemmene er presenterte i den fyrste boka, møtest Fjodor Pavlovitsj Karamasov, Ivan og Aleksej (Dmitrij er forsinka) i klosteret der Aleksej held til. Også Pjotr Aleksandrovitsj Miusov (fetter av Adelaida Ivanovna, mora til Dmitrij) og ein fjern slektning, Pjotr Fomitsj Kalganov, er med. Denne Pjotr, ein distré type, er venn med Aleksej. Vi får så absolutt inntrykk av at Miusov ikkje er utprega religiøs; han seier «faen» to gonger (s. 45, 48), og Fjodor Pavlovitsj korsar seg.

I.2.II «En gammel narr»
Familien oppfører seg ikkje slik Aleksej ønskjer, dvs. i pakt med etiketten i klosteret. På s. 51 blir «skismaet på 1600-talet» nemnt; det var da eit раскол, ei splitting i den russisk-ortodokse kyrkja. Og dette gir da høve til ein ny digresjon for Dostojevskij-lesarar: Vi kjenner at fyrste delen av navnet til hovudpersonen i Преступление и наказание, «Brotsverk og straff»: Raskolnikov. Han er «den som blir splitta», den oppsplitta personlegdomen. Og så den teologiske sida av saka: I russisk kyrkjehistorie er raskolniki - utbrytarar - nemninga på den grupperinga som braut med den ortodokse kyrkja etter at kyrkjemøtet i Moskva i 1667 hadde godkjent ein ny liturgi. Utbrytarane heldt fast ved den gamle liturgien der ein skulle korse seg med to fingrar, og ikkje - som etter den nye tidas tankar - med tre. At også utbrytarane seinare vart splitta, kjem vel neppe som ei overrasking på den som måtte lese. Dei gammaltruande, som i dag skal utgjere ein million i Russland, rømde frå forfølgingar, enkelte av dei nordover, til Kvitsjøen, og kalla seg pomore, «ved sjøen», og vart det språklege opphavet til pomorhandelen mellom nordmenn og russarar.
Miusov fører motvilje overfor staretsen, som heller ikkje ser så veldig sympatisk ut. Og Fjodor Pavlovitsj fortel ein anekdote om den franske filosofen Diderot, oppfører seg «bajasaktig og respektløst», til stor irritasjon for Miusov. Ikkje berre Aleksej, men også Ivan, reagerer på faren.
Fjodor Pavlovitsj seier at han skammar seg og spør kva han skal gjere for å arve det evige livet. Staretsen forklarer: «Den som ikke har aktelse for noen, har heller ikke kjærlighet til noen, og den som ikke har kjærlighet, finner bare adspredelse i lidenskapene og blir til slutt som et dyr som følge av løgnen overfor andre og seg selv.»). Fjodor Pavlovitsj vedgår at han er «løgnens sønn og løgnens fader» og lyg og seier (s. 57) at Pjotr Aleksandrovitsj Miusov har fortalt ei historie om ein helgen som tok opp det avkappa hovudet sitt og kyssa det. Han seier at Pjotr Aleksandrovitsj Miusov har skylda for at han - Fjodor Pavlovitsj - manglar trua og gjer seg til for staretsen.
Det går mot konfliktar.

I.2.III Troende bondekoner
Kapittel III og kapittel IV står i kontrast til einannan; i det fyrste møter vi «[t]troende bondekoner», og i det andre "[e]n vantro dame". Vi er i utanfor klosteret og møter fleire kvinner som vil sjå og tale med staretsen. Den fyrste, fru Khokhlakova, og den funksjonshemma dottera Lisa, blir her presenterte for oss nettopp i ein samanheng med tru og vantru, og vi skal møte dei seinare. Her er kanskje poenget at vi skal sjå det motsette av det gamle Karamasov representerer? Dostojevskij bruker truleg fleire kvinner som samtalepartnarar for staretsen slik at vi skal møte synet hans i ulike situasjonar.
Kapitlet inneheld derfor ikkje berre det mange vil kalle typisk russisk tankegang («Det russiske folk bærer gjerne sin sorg stillferdig og tålmodig, - sorgen trekker trekker seg liksom inn i seg selv og tier» (s. 62), men òg understrekingar av nådens makt: «Han er jo fortsatt i live, for sjelen har evig liv, og selv om du ikke ser ham, er han likevel nær dere» og "Det finnes ikke den synd på jorden som Gud ikke tilgir, bare du angrer oppriktig. Og heller ikke kan mennesket begå en synd så stor at ikke Guds uendelige kjærlighet sletter den ut. Eller tror du at en synd kan være større enn Guds kjærlighet? […] Hvis du angrer, da elsker du også. Og hvis du elsker, tilhører du allerede Gud … Gjennom kjærlighet forsones og frelses alt." (s. 66). Dette får sjølvsagt ein norsk lesar til å tenkje på Sigrid Undsets ord om at inga synd er så stor at ikkje Guds nåde er større …
Rachel, som «gråter over sine barn og ikke vil trøstes, for de er ikke mere til» og «den Guds mann Aleksej» har eg ikkje klart å oppspore.

I.2.IV En vantro dame
Dette kapitlet bygger vel ut tankegodset i «Troende bondekoner»; lesaren kan fryde seg over korleis Dostojevskij skapar situasjonaar som på ein naturleg måte opnar for bodskapet hans. Her møter vi fru Khokhlakova; dotter hennes, Lisa, har eit brev til Aleksej frå Katerina Ivanovna, som inviterer han. Staretsen talar med ein munk som vel vart introdusert i kap. III; nå held han fram visdomsorda frå møte med dei truande bondekonene: «For menneskene er skapt til å være lykkelige, og den som er lykkelig, kan med full rett si til seg selv: 'Jeg har oppfylt Guds bestemmelse på jorden.' Alle rettferdige, alle helgener, alle hellige martyrer har vært lykkelige mennesker.» (s, 71).
Fru Khokhlakova, kontrasten til bondekonene, trur ikkje på det neste livet og lurer på kva ho skal gjere for å få trua tilbake. Svaret kjem som ei typisk Dostojevskij-utsegn når staretsen seier: «[…] man kan ikke bevise noe, man kan bare bli overbevist. […] Ved å utøve aktiv kjærlighet. Forsøk å elske Deres neste aktivt og utrettelig. Etter hvert som De gjør fremskritt i kjærlighet, vil De også bli overbevist om Guds eksistens og Deres sjels udødelighet. Hvis De forsaker alt i kjærlighet til Deres neste, vil De sikkert bli en troende, og ingen tvil da finne veien til Deres sjel.» (s. 72).

1.2.V Måtte det bli slik!
Vi er i cella til staretsen - Fjodor Pavlovitsj Karamasov, Ivan Fjodorovitsj Karamasov, Aleksej Fjodorovitsj Karamasov og Pjotr Aleksandrovitsj Miusov, syskenbarnet til Adelaida Ivanovna, og i tillegg seminaristen Rakitin og to prestemunkar, Paisij og Iosif. Det er skarpe motsetningar mellom Fjodor Pavlovitsj og Pjotr Aleksandrovitsj.
Diskusjonen nå gjeld artikkelen til Ivan, om skiljet mellom kyrkje og stat. Ivan går mot eit slikt skilje («kirken […] må omfatte hele staten, ikke bare en del av den»). Miusov kallar dette for ultramontanisme, seinare forsterka til erke-ultramontanisme. Eg saknar ei kommentert utgåve, men det er artig å finne ut ting sjølv òg (montanister i Store norske leksikon), og eg oppfattar utbrotet som ei innleiing til innlegga som kjem etterpå. Paisij kritiserer Ivan for å seie at «kirken er et rike som ikke er av denne verden», jf. Jesu ord om kongsmakta hans ikkje er av denne verda (Joh 18,36).
Når Paisij seier at «[i]følge teorier som er kommet på moten i det nittende århundre, skal kirken gå opp i staten for så å gi plass for vitenskapen, tidsånden og sivilisasjonen. […] Men etter russisk oppfatning er det ikke kirken som skal forvandles til stat, men tvert imot staten som skal forvandles til kirke.», ser eg dette som eksempel på det som Erik Krag tek opp i boka Kampen mot vesten i russisk åndsliv. Slutten på replikken hans, «Måtte det bli slik!», er altså tittelen på kapitlet, og orda blir tekne opp av staretsen når han talar om at «det kristne samfunn […] venter på å bli omdannet til en samlet herskende verdenskirke».
Og når Ivan argumenterer med at «Hvis hele samfunnet ble kirke, ville kirken utstøte den ulydige, men den ville ikke dermed kappe hodet av ham», ser vi poenget med historia om helgenen og det avkappa hovudet. Staretsens ord om at «forvisning, tvangsarbeid og prylestraff har ikke forbedret et eneste menneske, og heller ikke virker slike straffemetoder avskrekkende på menneskene», er det nok Dostojevskij sjølv som talar; han hadde erfaring frå fire år i tukthus og deretter like lang tid som straffesoldat.
Miusov svarar ved å trekke fram ei historie frå Paris, «like etter statskuppet i desember» (dvs. Napoleon IIIs statskupp i 1851). Miusov ser sosialisme i det som Ivan og representantane for kyrkja har lagt fram. «En kristen sosialist er langt farligere enn en ateistisk sosialist», siterer han. Det vil, dessverre eller heldigvis, alt etter som, føre for langt her å gå inn på Dostojevskijs mangesidige forhold til politikk (jf. Бесы, «De besatte» i Geir Kjetsaas omsetting til bokmål).
Men kva er det med Rakitin, som lyttar til samtalen «med nedsenket blikk» og raude kinn? Aleksej veit, står det, kvifor denne mannen er «meget oppspilt»…
Men så kjem Dmitrij Fjodorovitsj Karamasov.

I.2.VI Hvorfor er et sånt menneske i live?
Sjelegranskaren Dostojevskij beskriv, gjennom forteljaren, Dmitrij Fjodorovitsj like nøye som ein naturalist ville gjort. Denne Karamasov-broren er prega av rangling og har ein «splittet og ubalansert natur». Når han skal forklare korfor han kom så seint, får vi for fyrste gong høyre om Smerdjakov, «fars tjener».
Diskusjonen held fram mellom Ivan Fjodorovitsj og Pjotr Aleksandrovitsj Miusov, som fortel ei historie om Ivan; han skal ha sagt at «om man utryddet menneskehetens tro på udødeligheten, ville ikke bare kjærligheten, men også all livskraft forsvinne med en gang» - «da ville det ikke lenger være noe som var umoralsk, alt ville være tillatt» (s. 88). Er vi her ved ein kjerne hos Dostojevskij? Spørsmålet om kva livet ville vere utan Gud?
Dmitrij tek opp att, nesten ordrett, men ikkje heilt, noko av det Miusov tillegg Ivan: «for et slikt menneske måtte ikke bare egoismen bli tillatelig, - den måtte til og med erkjennes som nødvendig, som den nødvendigste og forstandigste utvei for alle gudløse mennesker».
Fjodor Pavlovitsj samanliknar Ivan med Friedrich Schillers rollefigur Karl Moor i Die Räuber (frå 1781), mens Dmitrij blir, i farens auge, ein Franz Moor. Eg har faktisk ikkje lese stykket, men skal vi tru Friedrich-Schiller-Archiv, er det lett å finne parallellar. Schiller skreiv sjølv:
'Ein fränkischer Graf, Maximilian Moor, ist Vater von zween Söhnen,
die sich an Charakter sehr unähnlich sind. Karl, der ältere, ein
Jüngling voll Talenten und Edelmut, gerät in Leipzig in einen Zirkel
lüderlicher Brüder, stürzt in Exzesse und Schulden, muss zuletzt mit
einem Trupp seiner Spießgesellen fliehen.'
Og Schiller-arkivet held fram:
Sein jüngerer Bruder Franz lebt noch beim Vater. Er ist ein heimtückischer und schadenfroher Charakter und versucht, seinen Bruder bei seinem Vater in Verruf zu bringen, seine Braut Amalia für sich zu gewinnen und den Vater zu vernichten, um selbst an die gräfliche Macht zu gelangen. Durch die Fälschung eines Briefes sorgt Franz dafür, dass ein Bruder Karl enterbt wird.
Faren kritiserer livsførselen til Dmitrij, pengeforbruket og kvinnehistoriene hans - «bryr du deg ikke om min faderlige velsignelse?». Jo, parallellen med Dævel-Didrik hos Duun er slåande…
Dmitrij slår tilbake: «Og nå klager De over at jeg er svak for denne kvinnen som De selv har oppfordret til å lokke meg i sine garn!» Under krangelen roper Dmitrij det som er tittelen på kapitlet: «Hvorfor er et sånt menneske i live?». Fjodor Pavlovitsj kaller Dmitrij «fadermorder». I samtalen blir det referert til kvinna «som levde eit syndefullt liv» (Luk 7) som fekk syndene sine tilgjevne:
Dei mange syndene hennar er tilgjevne, difor har ho vist stor kjærleik. Men den som får tilgjeve lite, elskar lite.» Så sa han til kvinna: «Syndene dine er tilgjevne.» Då tok dei andre gjestene til å
tenkja med seg: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» Men Jesus sa til kvinna: «Trua di har frelst deg. Gå i fred!»
Starets Sosima bøyer seg i støvet for Dmitrij, og Pjotr Aleksandrovitsj vil bryte med Fjodor Pavlovitsj. Så ber det til middag hos abbeden. Miusov tenkjer at Ivan er ein «tykkhudet fyr med karamasovsk samvittighet». Ingen karakteristikk å fryde seg over.

I.2.VII En streber
Sosima legg ut om det han meiner blir framtida til Aleksej: «Din plass er ikke her. Jeg velsigner deg til en stor gjerning.» Han sender Aleksej ut i verda slik Jesus sende ut læresveinane, sjølv om bodskapen er ein annan: «søk lykken i lidelsen.»
Både Aleksej og Rakitin leitar etter grunnar til at Sosima hadd bøygt seg i støvet for Dmitrij. Også Rakitin spår: «det kommer snart til å skje noe i denne familien din. Noe mellom dine brødre og din rike far.» «I din familie er alle fylt av et sykelig begjær», legg han til. Vi får vite at Grusjenka er namnet på kvinna som Dmitrij «foretrekker […] fremfor sin forlovede» Katerina Ivanovna; Grusjenka («en tidligere konkubine») har òg ytra ønske om å treffe Aleksej: «Ta ham med opp til meg, så skal jeg nok rive munkekutten av ham.» Det er Rakitin forteljaren bruker for å kaste lys over tankar, ord og gjerningar i Karamasov-familien, m.a. at Ivan prøver å kapre Katerina Ivanovna frå Dmitrij, som, på same måten som faren, vil ha Grusjenka. Det var Katerina Ivanovna som i kap. IV sende brev til Aleksej der ho bad om å få møte han; da vart det sagt (s. 69) at ho har gjennomgått mykje.
Aleksej forsvarar Ivan, og diskusjonen med Rakitin tilspissar seg mens dei går til abbeden, ikkje minst da Aleksej nemner eit mogleg slektskap mellom Rakitin og Grusjenka. Tittelen på neste kapittel, «En skandale», skjønner vi når vi opplever korleis dei andre bryt opp frå middagen hos abbeden.
Dostojevskij er ein meister til å la kapitla gli over i einannan.

I.2.VIII Skandalen
Poenget med kapitlet er vel fyrst og fremst å vise stadig verre sider ved den «bajasaktige» Fjodor Pavlovitsj Karamasov. Dessutan blir handlinga driven litt framover ved at faren bestemmer seg for å ta Aleksej ut av klosteret (og slik begynner vel da staretsens ord om framtida til Aleksej å gå i oppfylling. Fleire enn eg har lurt på kven von Sohn er, spørsmålet har til og med vorte stilt i til dels kraftig språkbruk, men svaret på nettsida er sikkert riktig.

I.3.I I tjenerfløyen
Kapitlet opnar med ei skildring av huset til Fjodor Pavlovitsj Karamasov, der han bur saman med rotter og sonen Ivan. Tenarane, i sidebygget, er Smerdjakov og ekteparet Grigorij og Marfa. Liveigenskapet er nå oppheva (det skjedde i 1861), men Grigorij vil ikkje reise frå herren: «Forstår du hva plikt er for noe?» spør han kona og passar lojalt på bajasen. Vi får vite at Grigorij hadde hata Adelaida Ivanovna, men var positiv til Sofia Ivanovna, og at hans og Marfas polydaktyle son («en djevel») døydde tidleg (eg har ikkje klart å finne ut spesielle truer knytta til polydaktyli). Favorittlesinga er Jobs bok - boka over alle bøker om liding og sorg - og han står nær flagellantane, dei som pinte seg sjølve for verkeleg å følgje Kristus. Forteljinga om guten og reaksjonen til foreldra på dødsfallet dannar innleiing til historie om «Stinke-Lisa» og barnet hennes.

I.3.II Stinke-Lisa
Skildringa av bakgrunnen til den «stakkars Herrens vanvittig»e Stinke-Lisa, også den naturalistisk, fortel mykje om forholda for psykisk funksjonshemma før i tida. Det går rykte om at ingen annan en Fjodor Pavlovitsj Karamasov er faren til barnet; var det derfor den trufaste Grigorij sa til Marfa i I.3.I at gråten dei høyrde frå huset der Grigorij fann Lisa, stamma frå den avdøde sonen deira? Barnet overlever, men Lisa døyr. Sonen Pavel (kalla Fjodorovitsj) veks opp hos Grigorij og Marfa og får namnet Smerdjakov som familienamn, etter mora, som stinkar («смердеть»). Dostojevskij er, om eg hugsar rett frå førre gongen eg las desse bøkene, ironisk når han får forteljaren til å seie at «det blir sikkert anledning til å komme tilbake til Smerdjakov tidligere». Også det stinkande, i fleire tydingar av ordet, lyt vi da ta opp grundigare.

I.3.III Et brennende hjertes skriftemål. På vers
Aleksej trur nå det han vil om farens avgjerd om klosterlivet og tenkjer meir på Katerina Ivanovna, som han meiner er så storsinna at ho vil redde Dmitrij. Forteljaren slår fast kva eg alt hadde tenkt om Rakitin og omtalar han som han som «visste alt om alle i denne lille byen»…
Men så er det ikke Katerina som Aleksej snakkar med; det er ein halvfull Dmitrij, som seier til Aleksej at han - Aleksej - er «en engel på jorden».
Kvar verselinjene
Ære være Gud på jorden, Ære være Gud i meg!...,
Tro ikke mengdens tomme løgner, glem tvilen i ditt bryst…,
Måtte mennesket være edelt!
og
Og Silenos med nesen rød rider på et ustøtt esel, -
er henta frå, veit eg ikkje (eg ville gjerne ha hatt ei kommentert utgåve for handa, men det er interessant å tenkje sjølv fyrst og så sjå kva ekspertane seier etterpå). Nordahl Grieg slo forresten derimot fast at mennesket er edelt…
Dmitrij både referer til og siterer frå Schillers «An die Freude». Det verkar som om Kjetsaa gjendiktar Schillers dikt frå russisk; eg har funne ei nettside som har den tyske originalen og ei dansk gjendikting ved sida av einannan.
Diktet han deklamerer («Naken, sky og vill seg skjulte / Troglodytten i sitt berg»…), klarer eg ikkje å plassere; ein troglodytt er vel ein holebuar, utan at det fører meg til noka oppklaring.
To interessante sitat frå dette kapitlet (det vanskelegaste til nå) er
Mennesket knuges av altfor mange gåter. Vi får prøve å løse dem så godt vi kan og forsøke å komme tørrskodd opp av vannet. Skjønnhet! Jeg orker ikke å tenke på alle disse edle og kloke menn som begynner med Madonna-idealet og slutter med Sodoma-idealet.
og
Fins det skjønnhet i Sodoma? Ja, det er nettopp her den finnes, for de aller fleste mennesker, - er du klar over denne hemmelighet? Det uhyggelige er at skjønnheten ikke bare er forferdelig, men også hemmelighetsfull. Her kjemper djevelen med Gud, og slagmarken er menneskenes hjerter.

I.3.IV Et brennende hjertes skriftemål. I anekdoter
Dmitrij held fram, fyrst litt genrelt («jeg har alltid foretrukket sidegatene, de øde og mørke smugene bak torvet, - det er der man finner overraskelsene, gullet i skitten» […]. Jeg elsket lasten, også lastens skjensel.»), så om fantestrekane med Agafja Ivanovna og systera, som viser seg åbvere Katerina Ivanovna. Da er vel dette kapitlet opptakt til møtet mellom Aleksej og Katerina? Vel så interessant er orda om at Aleksej er på den same stigen som Dmitrij, berre mange trinn under («Den som setter foten på det nederste trinnet, kommer sikkert en gang til å stå på det øverste»).

I.3.V Et brennende hjertes skriftemål. «Med hælene i taket»
Dmitrij greier ut om pengeproblema og er avhengig av hjelp frå faren for å komme seg ut av situasjonen han sjølv har skapt. Han fortel om brevet frå Katerina, som vil gifte seg med han, men sjølv vil han gå til Grusjenka.
Dette kapitlet varslar kva som vil komme, men gir ikkje svaret.
«I så fall begår jeg et mord», seier Dmitrij om faren - «Jeg hater dette strupehodet, denne nesen hans, øynene, denne frekke latteren.»
Dostojevskij viser oss at Dmitrij har eit motiv.

I.3.VI Smerdjakov
Aleksej kjem til faren. Fjodor Pavlovitsj Karamasov kallar den fåmælte Smerdjakov for Balaams esel; Balaams - eller Bileams - esel, som Gud gav talegåver, blir det fortalt om i 4. Mos 22-24. Forteljaren kallar Smerdjakov for hoven og nyttar høvet til å fortelje om lite tiltalande episodar og karaktertrekk ved denne fjerde Karamasov-sonen. Men pent har han ikkje vorte behandla, så karaktertrekka har vel sine årsaker. Dostojevskij har forresten utstyrt han med epilepsi - som han hadde sjølv. Smerdjakov les Gogols prosadebutKveldar på ein gard nær Didanka, men liker ikkje boka fordi ho ikkje er sann - og ikkje liker han sakprosa heller. Forteljaren samanliknar Smerdjakov med ein mediterande bonde på eit måleri av Ivan Kramskoj: "Grublaren" (den opphavlege kommentaren min redigert etter innspel).
Nå har vi fått forhistoria - familiebakgrunnen kjente vi til frå før - og karakteren til denne viktige litterære figuren.

I.3.VII Kontrovers
Smerdjakov, «Balaams esel» (han blir kalla «esel», her vel i tydinga «idiot»), som har fornekta trua si, diskuterer med Grigorij og Fjodor Pavlovitsj når Aleksej kjem inn.
Smerdjakov blir skulda for å vere tilhengar av kasuistikken og jesuitt (som neppe hadde gode kår i Russland).
Eg synest at dette er eit vanskeleg kapittel.

I.3.VIII Ved et lite glass konjakk
Fjodor Pavlovitsj og Ivan Fjodorovitsj snakkar om Smerdjakov; den eldste av dei har som oppfatning at «[d]et er bjerkeriset som har gjort stort og mektig». Viktigare, i lys av hovudtematikken, er replikken «Ja, om Gud eksisterer, da må jeg selvsagt stå til ansvar, men om Han ikke er til, hva skal vi da med disse klosterfedrene dine? Da skulle man i det minste kappe hodet av dem, - de holder jo bare utviklingen tilbake. […] Si meg, Ivan: er Gud til?» Her omtalar forresten Fjodor Pavlovitsj seg sjølv som eit esel, men dette har kanskje ingen samanheng med Balaams esel…
Faren og dei to sønene diskuterer vidare om Gud er til. Her står Aleksej og Ivan står mot einannan. Om staretsen seier Fjodor Pavlovitsj at «il y a du Piron là-dedans», og dette er vel meint som ei anerkjenning, ein referanse til Alexis Piron. Fjodor trekker vidare inn romanen Герой нашего времени, «Vår tids helt», av Mikhail Jurijevitsj Lermontov, eit storverk i russisk litteratur, som eg har til gode å nyte.
Aleksej græt når Fjodor Pavlovitsj snakkar om mora - og faren gløymer at Aleksej og Ivan har same mor, Sofia Ivanovna. Så kjem Dmitrij, og Fjodor Pavlovitsj fryktar for livet sitt.

I.3.IX Vellystinger
Dette kapitlet har gitt namn til heile tredje boka i fyrste delen. Den tredje boka har vel i grunnen lagt opp til dette dramatiske opptrinnet.
Grigorij og Smerdjakov kjem inn etter Dmitrij Fjodovoritsj, og det går vilt for seg. Dmitrij bryt med faren. Det er likevel Ivan faren er reddast for.
Ned dette slagsmålet med hard ordbruk og truslar har Dostojevskij skapt bakgrunn for spørsmålet (jf. Brotsverk og straff) «har virkelig mennesket rett til å avgjøre hvem som fortjener å leve og hvem som ikke fortjener det?»
Uttrykket «Æsops blod» gir ikkje Google-treff, men her er ei lengre utgreiing om fabediktaren, og her er stuttversjonen.
Ivan er vennleg mot Aleksej. Sikkert ikkje utan grunn.

I.3.X De to kvinnene sammen
Aleksej går til Katerina Ivanovna, og der er Grusjenka. Dei snakkar om forholdet til Dmitrij, og stemninga skifter sterkt og raskt frå «kjære engel» til «vemmelige hore». Aleksej får brev frå fru Khokhlakova. Kapitlet illustrerer Anita Lindbloms suksessong om at «Sånt är livet, sånt är livet. Så mycket falskhet bor det här».

I.3.XI Enda et ødelagt rykte
Kven andre enn Dmitrij møter Aleksej etter at han har gått frå Katerina Ivanovna - ikkje tilfeldig nær ein korsveg! Og Dmitrij behandlar Aleksej som Katerina fyrst behandla Grusjenka.
Tilbake i klosteret les Aleksej brevet frå Lise, dotter til fru Khokhlakova (jf. I.1.IV): «Kjære Aljosja, jeg elsker Dem» - denne tilståinga er altså det øydelagte ryktet.
Mottakaren av brevet ber («Herre, forbarm deg over dem alle, hjelp du disse ulykkelige og urolige, og led dem inn på dine veier») og sovnar roleg. Alt ligg vel nå til rette for ein samtale med starets Sosima.

II.4.I Fader Ferapont
Starets Sosima får den siste oljen og talar til dei som er samla i cella: «Dere skal elske hverandre, […]. Dere skal elske Guds folk. […] hver enkelt av oss er skyldig for alle og for alt på jorden, […] hvert enkelt menneske er skyldig for alle mennesker og for hvert enkelt menneske på jorden. […] Vær ikke redd for synden om dere bare erkjenner den og føler oppriktig anger.»
Folk klarte seg før mobiltelefon og fjesbok òg, Twitter er det visst òg noko som heiter, kva det nå kan vere: Raktin dukkar opp att, denne gongen med «et underlig brev fra fru Khokhlakova», om at ei av dei truande bondekonene har vorte bønnhøyrd.
Så blir det fortalt om møtet mellom han som har gitt namn til kapitlet, einebuarmunk og fanatikar far Ferapont, som er motstandar av Sosima, og ein framand munk. Dei snakkar om fasten, ein djevel og «Helligånden» (visstnok noko anna enn «Den hellige ånd»). Sosima sender Aleksej ut, der far Paisij talar om at det ikkje lenger er noko av det som var heilagt og at «også de som fornekter kristendommen, bærer Kristi uforgjengelige bilde i sin sjel, ennå har ikke visdommen maktet å skape et høyere bilde for mennesket enn det Kristus ga oss.»
Far Paisijs ord verkar positivt på Aleksej.

II.4.II Faren
For eit driv over forteljinga! Vi har følgt Aleksej frå den eine til den andre - faren og brørne, Dmitrij, dei to kvinnene, Dmitrij, munkane og nå tilbake hos faren. Ivan og Smerdjakov har gått. Fjodor Pavlovitsj er sur og tverr («jeg akter å leve et lastefullt liv til det siste»). Faren tek avstand frå tanken om evig liv. Han seier at han vil gifte seg med Grusjenka, og at Ivan prøver å få Dmitrij til å ekte henne så han sjølv kan ta over Katerina. Og drivkrafta bak alt dette er pengar.

II.4.III Et møte med skolegutter
Det ville ha vore interessant å lage ei tidslinje med utgangspunkt i korleis Aleksej, for det er han vi følgjer, blir gjennomgangsfiguren frå det eine opptrinnet til det andre; etter besøket hos faren er han nå på veg til fru Khokhlakova. Han møter steinkastande gutungar; ein av dei bit, til og med. For meg, som for Aleksej, er dette ei gåtefull hending.

II.4.IV Hos Khokhlakovs
Aleksej kjem til fru Khokhlakova og Lise (som mora seier fekk hysterisk anfall da ho høyrde at Aleksej var ventande). Har opptrinnet i II.4.III som funksjon å vise at Lise har rett når ho seier at «etter dette må man jo tro at De bare er en liten guttunge»)? Nå vil Lise, av forståelege årsaker, ha att brevet frå I.3.XI.
Katerina Ivanovna, er der òg, i samtale med Ivan; dermed er neste kapittel førebudd. «[…] hun elsker Deres bror Ivan Fjodorovitsj, men prøver å innbilde seg at det er Deres bror Dmitrij Fjodorovitsj hun elsker», seier fru Khokhlakova til Aleksej.

II.4.V Spente scener i salongen
Aleksej tenkjer på rivaliseringa mellom brørne – og at han er glad i begge. Vi lærer, med tanke på namnelista til kjellk, at fru Khokhlakova heiter Katerina Osipnova.
Aleksej trur på Katerina Ivanovna, men kva er sant av det som ho og Ivan Fjodorovitsj seier? Katerina Osipnova seier «Tro aldri en kvinnes tårer, Aleksej Fjodorovitsj», og dette kan vi vel, som lesarar av denne romanen, altså, legge oss på sinne.
Sitatet «Den Dank, Dame, begehr ich nicht, –» er frå Schillers «Die Handschuh». Dei gamle russarane, dei som kunne lese og skrive av dei (3/4 av innbyggarane var analfabetar ved slutten av 1800-talet; i 1940 hadde den sovjetiske regjeringa fått redusert prosentdelen til 20), kunne klassikarane sine – sjå – eller les, da – berre korleis adelen hos Tolstoj snakkar fransk…
Katerina Ivanovna fortel at Dmitrij hadde oppført seg dårleg mot ein tidlegare offiser, Snegirjov (var det sonen hans som kasta stein på og beit Aleksej?), og ho vil at Aleksej skal levere pengar til denne mannen. Igjen er Aleksej bodbringar (eg kom på at «engel», ἄγγελος, jo tyder «sendebod» – og rett etter seier fru Khokhlakova at Aleksej har opptredd som ein engel).

II.4.VI Spente scener i stuen
Aleksej kjenner seg utanfor i den delen av verda som gjeld forelsking og kjærleik: «Hva vet vel jeg om slike ting?» På veg for å utføre oppdraget frå Katerina Ivanovna tenkjer han, som vi lesarar, at han som beit, sikkert er sonen til den offiseren som Dmitrij hadde behandla dårleg, stabskaptein Nikolaj Iljitsj Snegirjov. Dmitrij, på si side, er ikkje heime. Heime hos offiseren er det mange menneske (ei kvinne blir nemnd med namn; det er dottera i huset, Varvara Nikolajevna); kanskje møter vi fleire av dei seinare? Guten med dei skarpe tennene høyrer ganske riktig til her og har kjælenamnet Iljusjetsjka.
Om det er forteljaren eller offiseren som blir lyrisk og siterer
I hele skapningen var intet
Som nåde fant for dette blikk,
kjem ikkje så tydeleg fram, og kjelda klarer eg ikkje å finne. Offisersfrua, Arina Petrovna, møter vi òg, og den andre dottera, Nina Nikolajevna, («en Guds engel i kjøtt og blod»). Kapteinen seier to gonger at familien «tilhører de fattige i ånden». Han tek med Aleksej Fjodorovitsj ut for å prate i frisk luft.
Dostojevskij har trekt inn nye figurar akkurat da det var på tide med litt fornying. Og figurane får vi sikkert høyre meir frå sidan.

II.4.VII Og ute i frisk luft
Uttrykket «frisk luft» har jo her, som stabskaptein Nikolaj Iljitsj Snegirjov så riktig nemner, dobbel botn. Offiseren fortel bakgrunnen for bitinga, sonen Iljusjka ville ta faren i forsvar overfor Dmitrij, og snakkar om forholdet sitt til Fjodor Pavlovvitsj og Agrafena Aleksandrovna, og ikkje minst om at Iljusjka vart mobba og forholdet mellom far og son («Det var ingen som så oss, ingen annen enn Gud; kanskje husker han det når jeg en gang skal stå til rekneskap for ham»).
Aleksej kjem fram med ærendet sitt, og det er ikkje måte på korleis Nikolaj Iljitsj meiner at dei to hundre rublane frå Katerina Ivanovna kan hjelpe på livssituasjonen til familien - før han krøllar sedlane saman og trampar på dei: «Si til dem som har sendt Dem at børsten ikke selger sin ære for penger!» Han har, for å seie det mildt, sterkt skiftande sinnsstemningar når han og Aleksej går frå einannan.
Eit ikkje heilt enkelt kapittel, dette.

II.5.I Forlovelsen
Over på femte bok, «Pro og contra». Fyrste kapitlet her er om ei truloving.
Karerina Khokhlakova fortel Aleksej om at Katerina Ivanovna fekk hysterisk anfall. Frua verkar ikkje heilt i balanse, ho heller. Aleksej diskuterer episoden med stabskaptein Nikolaj Iljitsj Snegirjov med Lise: «- Det viktigste nå er å få ham til å innse at han står på like fot med oss, selv om han tar disse pengene, fortsatte Aljosja henrykt, - og ikke bare på like fot, men på en høyere fot… […] Vet De, Lise, Sosima sa en gang: menneskene må behandles som barn, og enkelte til og med som pasienter på et sykehus…»
Samtalen dreier seg deretter om «friarbrevet» frå Lise. «[…] men jeg er også en Karamasov», seier Aleksej. Han ber på «en hemmelig sorg», og brørne hans «styrter seg i undergangen», seier han, og han tek opp att at han òg er ein Karamasov. At han «kanskje ikke engang tror på Gud» kjem overraskande på oss.
Aleksej ser at han blir aleine når staretsen går bort - «Jeg kommer til Dem, Lise», seier han. Ikkje overraskande har fru Khokhlakova lytta, men brevet frå Lise til Aleksej får ho ikkje lese. «Datterens kjærlighet blir morens død», konkluderer ho. Aleksandr Gribojedov, som ho viser til, var ein russisk forfattar i fyrste delen av 1800-talet, og frua føler seg som Famusov i det komiske versedramet Горе от ума, som handlar om den ulykka det er å ha vett og forstand.

II.5.II Smerdjakov med gitaren
Det er interessant at forteljaren her seier om Aleksej (som vil treffe både Sosima og Dmitrij, men nå i fyrste omgang Dmitrij) at «han klatret over gjerdet på same sted som i går»: Forteljaren fortel altså det som skjer når det skjer; han er i «i dag», og viser til eit «i går».
Aleksej høyrer Smerdjakov spele gitar og synge (nei, eg klarer ikkje å plassere strofane) for Marja Kondratjevna, «vertens datter». Smerdjakov seier: «Jeg hater hele Russland.» Korfor? Fordi han ikkje har fått pen behandling i heimlandet sitt? Smerdjakov tek forresten feil når han seier at «Napoleon den første» var «faren til den nåværende keiser»; det var han jo ikkje - han var bestefaren. Og dette veit Dostojevskij sjølvsagt innmari godt.
Vi får vite litt om kva van og Dmitrij driv med, og Marja Kondratjevna er tydelegvis interessert i å treffe Aleksej att. Stadig noko nytt som oppstår og som driv handlinga framover.

II.5.III Brødrene blir bedre kjent
Ivan er i vertshuset «Hovedstaden». Han seier at «livstørsten» er eit «Karamasov-trekk» som også Aleksej har. Ivan kallar Vest-Europa «en kirkegård og ingenting mer». Her er det Aleksej seier: «Fremfor alt må menneskene lære å elske livet» (s. 293); han svarar ja når Ivan spør om «vi så [skal] elske livet mer enn livets mening: «Ja, absolutt, kjærligheten må gå foran logikken, som du sier, ubetinget foran logikken - det er først da vi forstår meningen». Den «andre halvdelen», seier Aleksej, består i «å oppvekke dine døde, de som kanskje ikke er døde engang» - nesten eit gjenklang av Ibsen, dette (eller omvendt; Ibsen skreiv Når vi døde vågner etter Dostojevskijs Karamasovbrørne…). Om det er samanheng mellom reisa til «kyrkjegarden» Vest-Europa og «oppvekke dine døde»? Det veit eg ikkje. Eg veit at Dostojevskij reagerte kraftig på materialismen i Vesten, men eg kan ikkje hugse å ha lese at han trekte så drastiske parallellar. Vi får lese og gruble.
Ivan - det er ei stund sidan vi har møtt han nå - alluderer til Kains ord om å vere vaktaren til bror sin. Han vil stifte vennskap med Aleksej, men om han meiner det, det er eg usikker på, like usikker på som kva Ivan måtte meine om «Guds eksistens». Uttrykket «s'il n'existait pas Dieu il faudra l'inventer» er henta frå Voltaire. Ivan råder Aleksej til ikkje å gruble over dette: «Det er ikke Gud jeg ikke aksepterer, det må du forstå, nei, det er Guds verden jeg ikke kan gå med på.»
I neste kapittel, «Opprør», skal visst Ivan forklare kva han meiner med at han «ikke aksepterer verden».

II.5.IV Opprør
Fin opptakt til «Storinkvisitoren»! Diskusjonen om grunnleggande spørsmål held fram: Ivan avviser tanken om å elske nesten sin (Mark 12,31) – «så fort et menneske viser ansiktet sitt, er kjærligheten borte». Aleksej parerer: «Men det fins likevel mye kjærlighet i menneskeheten, Ivan, kjærlighet som ligner på Kristi kjærlighet, det har jeg selv fått erfare…» Ivan er ikkje einig: «Etter min mening er Kristi kjærlighet til menneskene et umulig under her på jorden.»
I dette kapitlet finn vi to kjende utsegner som ofte blir siterte. Her er det fyrste:
Av og til taler vi om menneskets 'dyriske' grusomhet, men det er forferdelig urettferdig mot dyrene: et dyr kan aldri bli så grusomt som mennesket, så artistisk, så utstudert grusom.
Ivan fortel vidare om ein sadist av ein general – som den fromme Aleksej ikkje er framand for å ville skyte. «Det sitter visst en liten djevel i hjertet på deg også, Aljosja Karamasov», kan Ivan konkludere og legg til at «vi kommer ikke utenom dumheten her i verden».
Andre tema er liding, skyld og tilgiving. Og det andre kjente sitatet er
Jeg fornekter ikke Gud, Aljosja, jeg sender ham bare høfligst billetten tilbake.
Referansen til Nekrasov (s. 306) har eg ikkje klart å ta.

II.5.V Storinkvisitoren
Eg har grubla lenge på dette kapitlet - og er kommen fram til at eg ikkje får ordlagt meg betre enn Geir Kjetsaa, som skreiv om dette i ein kronikk i Aftenposten:
Særegenheten hos Dostojevskij kommer imidlertid også frem i tilgivelsesproblematikken. Mens vi streber etter å tilgi hverandre, kjemper hans mennesker med en adskillig vanskeligere oppgave - nemlig med å tilgi seg selv. I de følgende romaner blir Dostojevskij stadig mer opptatt av disse stolte opprørere mot Guds verdensordning. Vi møter dem i en rekke av hans verker, særlig i hans siste roman Brødrene Karamasov, hvor Kristus-skikkelsen trer levende frem for oss i "Legenden om Storinkvisitoren". Aldri er vel frihetens problem blitt reist med slik styrke som i denne "legenden". Vi står overfor en mektig konfrontasjon mellom to uforsonlige makter: Kristus og djevelen. Storinkvisitoren fremstår som selve fornekteren av den kristne idé, som selve antikrist. Å kreve at Dostojevskij skulle gi et "tilstrekkelig" svar på det ondes problem, ville som Russland-kjenneren Erik Krag påpeker, være det samme som å kreve en løsning på selve verdensgåten. Men hvis vi betrakter hans svar som et "kunstnerisk bilde", vil vi neppe kunne avvise det som mislykket. Skal man belyse det ondes problem, bør han som filosofiprofessor Egil Wyller har påpekt, stille problemet på hodet, slik kirkefaderen Augustin gjør. Når han spør hvor det onde kommer fra, svarer han ikke på det, men stiller et annet spørsmål: "Hvis Gud ikke er, hvorfra kommer da det gode?" Da følger man ikke det ondes negative vei, men det godes vei, og kan derfra ledes til Gud. "I lidelsen ligger det en idé," skriver Dostojevskij. "Lykken består ikke i komfort, lykken må kjøpes gjennom lidelse. Det er vår planets lov, men denne umiddelbare erkjennelse som føles i selve livsprosessen, er en så stor glede at man kan betale for den med års lidelser. Mennesket fødes ikke til lykke. Det tjener seg til lykken, og alltid gjennom lidelsen." Det er Kristus-skikkelsen som ligger til grunn for disse refleksjonene. Det er Kristus-skikkelsen som skaper og nærer Dostojevskijs visjon om at mennesket gjennom lidelsen kan bli gudmenneske.
Eg høyrde han eingong førelese (det var nettopp det han gjorde; han las meir enn han snakka, men det gode innhaldet var så velfomulert at eg tilgav han at han las opp manuskriptet) om dette på Universitetet i Oslo. Det var stort.

II.5.VI Fremdeles er det mye som er uklart
Jo, det er det vel, uklart, altså, men eg ser – på bakgrunn av det eg hugsar frå sist eg las denne romanen – at dette kapitlet som opptakt til det mest dramatiske innslaget i boka; jf. at Smerdjakov rår Ivan til å reise til Tsjermasjnja:
Er det meningen at jeg skal reise bort, og at det så skal skje et eller annet her? holdt Ivan Fjodorovitsj på å miste pusten.
– Ja, helt riktig, sa Smerdjakov stille og ettertenksomt.
Ivan Fjodorovitsj er tungsindig. Er det tilfeldig at eg ser ein allusjon til Bibelen og Joh 14,3 der forteljaren seier at endeleg «kom Ivan i elendig humør frem til sin fars hus» (s. 339)? Jo, det er vel det; huset til Fjodor Pavlovitsj Karamasov kan da ikkje liknast med Guds hus? Igjen saknar eg den russiske originalen …
Kapitlet tek opp forholdet mellom Ivan og Smjerdakov, som Ivan altså har lagt for hat – mens Smerdjakov på si side «av en eller annen grunn begynte å anse seg for solidarisk med Ivan Fjodorovitsj i et eller annet» (s. 341).

II.5.VII «Det lønner seg alltid å snakke med en klok mann»
Dette er Smerdjakovs ord til og om Ivan Fjodorovitsj. Smerdjakov svarar unnvikande på spørsmål. Ivan Fjodorovitsj er fylt av hat. Gorstkin blir introdusert (s. 354). Ivan skal ikkje til Tsjermasnja likevel, men til Moskva. Smerdjakov får epileptisk anfall, neppe utan grunn. Og Fjodor Pavlovitsj og Dmitrij Fjodorovitsj tenkjer på den same dama.

II.6.I Starets Sosima og hans gjester
Men starets Sosima var ikkje daud (godt å bli mint om det korte tidsspennet som handlinga strekker seg over). Vi møter to prestemunkar til, Mikhail og Anfim. Og så kjem kveitekornet, sjølve mottoet for heile romanen, og som eg har sitert tidlegare (Joh 12,24):
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.
På russisk:
Истинно, истинно говорю вам: если пшеничное зерно, пав в землю, не умрет, то останется одно; а если умрет, то принесет много плода.

II.6.II Av den i Herren hensovede og ærverdige prestemunk starets Sosimas levnedsbeskrivelse, sammenstillet etter hans egne ord av Aleksej Fjodorovitsj Karamasov
Dostojevskij går nye vegar for å lyfte fram bodskapet. Vi har før sett at legenda om storinkvisitoren står fram som ei eiga historie i hovudhistoria. I dette kapitlet møter vi fyrste delen av ei tekst inne i hovudhistoria, forfatta av ein annan person enn den forteljaren vi har diskutert tidlegare: Aleksej Fjodorovitsj har ført Sosimas munnlege sjølvbiografi i pennen. Notata er delte inn systematisk, fyrst biografiske notisar:
a) Om starets Sosimas eldre bror
Den eldre broren heitte Sinojiv og var sjuk. Han har desse visdomsorda om lykke, skyld og tilgiving:
[…] livet er et paradis, og vi er alle i paradiset, bare at vi ikke vil erkjenne det, hvis vi ville erkjenne det, ville det i morgen den dag være et paradis over hele verden.
[…] hver og en av oss er skyldig overfor alle i alt
[…] hvert eneste menneske er skyldig overfor alle og for alt
Selv om jeg har syndet mot alle, får jeg likevel tilgivelse, og det er det som er paradiset.
Denne Sinojiv får Kristusliknande dimensjonar når han tek på seg all verdas synder.
b) Om Den hellige skrift i fader Sosimas liv
Her fortel Sosima om ei sterk religiøs oppleving. Under ei høgmesse ser vi at (røykjelse står sentralt i den ortodokse kyrkja). Det er Jobs bok det blir lese frå, den teksta i Bibelen som handlar om å lide og godta lidinga – og framleis prise Gud, altså det same som vi har høyrt før om lidinga. Sosima fortel om møtet med ein ung gut, som han får til å innsjå at «alt er så godt og vakkert i Guds verden».
c) Erindringer fra starets Sosimas ungdomsår, mens han ennå levet i den verdslige verden. Duellen.
Sosima var ikkje noko dydsmønster mens han gjekk på krigsskolen, fortel han. Han utfordra rivalen til duell og slo tenaren, Afanasij, sin i ansiktet. Sjølvsagt - Dostojevskij skal vise oss ein kar som ber om forlating, ein som «angrer sin dumhet og bekjenner sin skyld». Vi les - på ny! - at «livet er et paradis, for hvis vi bare hadde forstått det, ville jorden med all sin skjønnhet vært et paradis».
d) Den hemmelighetsfulle gjest
Paradistankane blir følgde opp da vi møter ein «eldre mann» på femti år (!). «Paradiset er skjult i hver og en av oss», seier han (s. 31), og «ethvert menneske er skyldig for alle og for alt».
Reint tilfeldig - om noko er tilfeldig i litteraturen - las eg nettopp i ei av fjorårets store bøker, Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter av Grethe Fatima Syéd:
'[V]i er alle medskyldige i alt som hender ikring oss', heter det i Ettermæle (102). Dette er mye sitert i Duun-litteraturen, gjerne som påvirkning fra Dostojevskij - den store slavaren eller russern, som han ifølge Groven ble kalt i Duuns ungdom).
Dei stores stiar kryssar kvarandre (Syéd referer til Lars Grovens På sporet av Olav Duun. Artiklar og kommentarar). Mannen seier vidare: «For at verden skal fornyes, må menneskene slå inn på en ny åndelig vei» (s. 31), ) - nesten som hos Ibsen, som skriv om «menneskeåndens revoltering», og, derfor, eit ofte brukt motiv i forfattarskapet til Martin Nag…
Her er vakre ord om mennesket som isolerer seg (s. 32), for langt å sitere; vi nøyer oss med «Ironisk nok begynner nå den menneskelige fornuft å se bort fra at personlig sikkerhet ikke består i den enkeltes isolertes anstrengelser, men i almenmenneskelig solidaritet».
Den eldre mannen har drepe, fortel han. Blir dette nærmast uinteressant i det store perspektivet med nåde og tilgiving og alles skyld og ansvar? Og at hovudpoenget igjen er Joh 12,24, Jesu ord om kveitekornet?

II.6.III Fra starets Sosimas samtaler og belærende ord
e) Noe om den russiske munk og hans mulige betydning
Starets Sosima drøfter - via Aleksej - kva den russiske munken er: «kanskje er [det] fra disse fromme og ydmyke mennesker at den russiske jords frelse på nytt skal komme!» fordi dei si einsemd framleis har bevart «bildet av Kristus skjønt og uforfalsket». Han går vidare til tankar om fridom og det moderne mennesket (her har vel lite endra seg sidan Dostojevskijs dagar) trong til å oppfylle sine eigne, private behov noko som får katastrofale følgjer, meiner han. Det har han jo rett i; sjå berre kva han seier om verda i 2016 (s. 45):
Det forsikres at verden mer og mer vil forenes og at menneskelige kontakter stadig vil bli bedre ved at avstandene forkortes og tankene overføres gjennom luften. Å, tro ikke på en slik sammenslutning mellom menneskene!
Stosima - altså Dostojevskij -kritiserer folk for å jage etter ytre status («Å kunne gi fine middager, ha flotte ekvipasjer, høy rang og mange tjenere»), og også dei fattige, som utviklar misunning og drukkenskap. Derimot blir munken sett på som eit ideal, i kontrast til dei som jagar etter materielle gode.
«Det er folket som er Russlands frelse», står det, og (s. 47)
Ta vare på folket, beskytt folkets hjerte. Oppdra folket i stillhet. Det er vår store oppgave som munker, for dette er Guds utvalgte folk.
Da er det vel Russlands folk, og ikkje berre munkane, som Dostojevskij ser på som «Guds utvalgte folk».
f) Noe om herre og tjenere: Er det mulig for herrer og tjenere å bli brødre i ånden?
Vi har altså sett at kritikken blir retta mot både høg og låg, i samfunnet, og òg sjølvsagt mot samfunnet. Redninga skal komme «fra folkets tro og ydmyke fortrøstning»
Og, jo, han meiner at det er «mulig for herrer og tjenere å bli brødre i ånden»; han sett ikkje spørsmålsteikn ved klassesamfunnet, men vil vere tenaren åt tenaren sin. Folk spør: «Skal tjeneren kanskje sitte i sofaen og få servert te av sin herre?» (slik romarane gjorde ein gong i året, under Saturnaliafesten), og Sosima svarar: «Ja, hvorfor ikke? Iallfall en gang iblant.»
g) Om bønnen, om kjærligheten og om berøring med andre verdener
Bønn er oppdraging, seier staretsen. Denne delen av papira inneheld vakre ord om kjærleik, om verdien av å elske kvar ting på jorda («For hvis du elsker hver ting, skal du også nå frem til Guds mysterium i tingene»), og - så klart, vi har skjønt det nå- elske mennesket også når det syndar («for dette er et bilde av Guds kjærlighet») (s. 52).
At Sosima forkastar vald til fordel for å «handle i ydmyk kjærlighet» (s. 53), kjem heller ikkje som noka overrasking: «Brødre, kjærligheten er vår beste lærer, […].» (s. 53).
h) Kan man være dommer over sine likemenn? Om troen inntil enden
Sosima ordlegg seg som Kristus når han oppfordrar oss til ikkje å dømme (Matt 7,1), og særleg når han utdjupar det kristne kjærleiksbodskapet (s. 57):
Når du er alene, skal du be. Fall gjerne på kne og kyss jorden. Kyss jorden, og elsk den umettelig; elsk alle, elsk alt, søk glede og henrykkelse. Væt jorden med din gledes tårer, og elsk disse tårene.
i) Om helvete og helvetes ild: en mystisk betraktning
Der helvete hos Sartre er «les autres», er det hos Dostojevskij «[l]idelsen ved at man ikke lenger kan elske». Slagordet er ikkje som hos Descartes («Cogito, ergo sum»), men «Jeg er, og jeg elsker». Den «åndelige pinen», dvs. lidinga over at vi ikkje kan elske, er av indre art.

Dei siste linjene i kapitlet skildar korleis staretsen døydde og sluttar med eit frampeik om noko «eienbdommelig, foruroligende og ubegripelig», som han nå skal fortelje om.

Oppsummering av andre delen
Andre delen består av seks bøker - det var eg fyrst ikkje klar over; eg trudde at andre delen var slutt da eg hadde lese ut bind 1 i Solums utgåve. Derfor har eg eingong før lagt inn ei oppsummering, som altså omfatta berre ein del av andre delen. Her utvider eg oppsummeringa:
Eg ser at eit par lesarar synest at det til nå har vore for mykje snakk om religion i Karamasovbrørne. Blir ikkje denne innvendinga som å klage over for mykje grønsaker i ein vegetarrett? Det blir ikkje mindre religion i dei siste kapitla - som, utan at eg her tek stilling for eller mot slike åndsretningar - er noko av det vakraste eg har lese om kristen tru.
Inspirerande tankar om Tolstoj og Dostojevskij fann eg i eit foredrag av Geir Kjetsaa.
Tilfeldigvis kom eg over at Elena Ferrante nemner Dostojevskij og Karamasovbrørne i kap. 32 i L'amica geniale:
Marisa a volte ci tirava palle di sabbia, a volte irrompeva gridando: «Finitela, chi se ne frega di questo Dostoevskij, chi se ne frega dei Karamazov.»
og
Nino odiava il padre con tutte le sue energie, ecco perché parlava tanto dei Karamazov.
Det mest interessante her er sjølvsagt legenda om storinkvisitoren (her er ein av mange kommentarar). Som før sagt: Karamasovbrørne er ikkje fyrst og fremst ein roman, men ei teologisk avhandling, med kraftig drøfting «Pro og contra».
Ikkje berre historia om storinkvisitoren er ei historie i historia, men også det som blir framstilt som dei etterlatne papira til starets Sosima, er eit brot med hovudhandlinga og den tradisjonelle romansjangeren, sjølv om brev og andre tekster ikkje er eit uvanleg innslag i ein roman. I desse papira, som Aleksej har ført i pennen, møter vi kjernen i Dostojevskijs tenking, eksemplifisert gjennom desse sitata frå respektive s. 52 og s. 54:
Brødre, frykt ikke menneskenes synd, elsk mennesket også når det synder, for dette er et bilde av Guds kjærlighet, og høyere kan man ikke nå i kjærlighet.
Det finnes bare én redning: å gjøre seg selv ansvarlig for alle menneskers synder.

III.7.I I forråtnelsen
Vi er nå over på tredje delen. Den fyrste boka her, som er den sjuande i heile romanen, heiter naturleg nok «Aljosja», som jo var den som hadde skrive ned dei biografiske notata til starets Sosima. Munken, sikkert talsperson for Dostojevskij, er nå daud, og opninga skildrar korleis liket vart stelt og vaka over. Aljosja tek dødsfallet tungt. Vi møter «den lille munken frå Obdorsk» og vår gamle kjenning Rakitin – og fru Khokhlakova. Kvar sitatet om «dine små rørende tårer» (s. 63) skriv seg frå, har eg ikkje klart å finne ut.
Alt dette er overgang og opptakt til «noe helt uventet», «denne tomme og forargerlige begivenhet»: At også staretsens lik rotnar opp, noko søm fører til splitting mellom dei ulike oppfatningane av staretsinstitusjonen, eksemplifisert gjennom ordstriden mellom far Paisij og far Ferapont (jf. II.4.I).
Aljosja går frå klosteret (slik staretsen rådde han til å gjere?).

III.7.II Et slikt øyeblikk
Forteljaren går fyrst inn i ein slags daialog med lesaren om far Paisij og Aljosja. Aljosja «kunne ikke tåle at den rettferdigste av de rettferdige nå var blitt fornedret av usle og lettsindige mennesker». Forteljaren spør – med Dostojevskij – «det blir alltids tid til fornuft hos en mann som ikke er dum, men viss han ikke viser kjærlighet i et slikt øyeblikk, når skal den da komme?». Til Rakitin seier han at han ikkje gjer opprør mot Gud; han «kan bare 'ikke godta den verden han har skapt',» held han fram. I replikken ligg eit av dei mange sitata i boka som eg ikkje klarer å plassere. Rakitin skulle eigentleg gå til fru Khokhlakova, men vil i staden til Grusjenka, så får vi halde kontakten med henne òg. Dessverre for henne, for Rakitin, fortel forteljaren, «var en beregnende mann som aldri foretok seg noe som ikke var til hans egen fordel». Måla – også hos Dostojevskij finst det målstyring – er hemn og ein materiell fordel.
Eit kort kapittel, ein mellomstasjon for å komme vidare, og med påminning om kjærleiken.

III.7.III Løkstengelen
Nå er det Grusjenka som står for tur, Agrafena Aleksandrova, ho med den «usedvanlige skjønnhet», elska av både den eine og den andre. Mannen ho leiger av, er kjøpmann Samsonov, som ho nok ikkje kjem til å arve så mykje av som ho legg opp til. Den vakre er driftig i pengesaker. Hit kjem Rakitin og Aljosja, men ho har venta ein annan. Rakitin får svar på tiltale: «Den som spør meget, blir fort gammel.» Mot Aljosja er ho, ser det ut til, blid og positiv, og det er til henne at Aljosja seier «Du har gjenopprettet min sjel». «Han kalte meg min søster, og det skal jeg aldri glemme», seier ho, på si side. Og så var det Grusjenka som betalte Rakitin for å ta med Aljosja?
Det er ikkje lett å bli klok på Grusjenka: «Først gir hun Mitenka [dvs. Dmitrij] dødsstøtet», mumlar Rakitin, «og så ber hun ham huske det resten av livet. For et rovdyr!»
Kapitlet sluttar med at Rakitin vender seg mot både Grusjenka og Aljosja; den sist nemnd går tilbake til klosteret.
Eg har ikkje dette kapitlet heilt i boks. Desse kommentarane skriv eg for min eigen del – mest for å halde orden på handlinga og personane. Av og til skriv eg inn tilleggsinformasjon, av og til ikkje. Om nokon finn glede i desse notata som berre er på eit tidleg stadium til ein analyse av heile romanen, er det jo gledeleg. Eg har har undersøkt i Akademika på Blindern om det skulle vere ei komemntert utgåve av romanen på russisk der, men det var det ikkje. Så vi går vidare, i fyrste omgang med kva vi kan notere oss og finne ut sjølv.

III.7.IV Kana i Galilea
Kapitlet heiter «Kana i Galilea». Vi veit kva Kana står for (tja – for å unngå misforståingar: Ikkje den staden i Hurum, men i det gamle Israel, der det eingong stod eit bryllaup, og Jesus gjorde vatn til vin, som skildra i Joh 2, 1–11)
Ved båra til staretsen er Aljosja nå rolegare, sjølv om han ikkje får konsentrert seg om å be. Far Paisij les teksta om bryllaupet i Kana, der Jesus gjorde det fyrste underet sitt, vatn til vin –«han ville at menneskene skulle være glade». Dette får Aljosja til å tenkje på staretsen; det er som om festlokalet i Kana og rommet med kista flyt saman for han. Det skjer eit under med Aljosja òg:
Hans sjel var så fylt av glede og henrykkelse at den tørstet etter frihet, vidde og rom. […] – jordens hemmelighet og himmelens mysterium berørte hverandre …
Han omfamnar og kyssar jorda og græt, og «disse talløse Guds verdener ble knyttet sammen i hans sjel» (s. 105).
Dette er vel uttrykk for ei sterk og mystisk religiøs oppleving før han oppfyller profetien og dreg frå klosteret.

III.8.I Kusma Samsonov
Åttande bok er vi over på no; ho skal handle om «Mitja», dvs. Dmitrij. Vi hugsar at han og faren var rivalar i kjærleikslivet. Forteljaren varslar at skumle saker er i vente. Mitja skal ha pengar og oppsøker Kusma Kusmitsj Samsonov, den gamle kjøpmannen som tok Grusjenka til byen, og ber, på ein svært så klønete måte, om hjelp mot faren. Samsonov nektar å ha med han å gjere i slike saker, men viser han til «Setteren», som er i forhandlingar med Fjodor Pavlovitsj. Dmitrij går heim, ikkje heilt i balanse, men det er ikkje Kusma Kusmitsj heller, etter dette møtet.
Tydelegvis nok eit overgangskapittel.

III.8.II Setteren
For Dmitrij – nå, ja; han er ikkje aleine om dette – dreier alt seg om pengar. Han klarer å skrape saman litt, men får ikkje til å sette planen sin ut i livet. Han får vite av presten at drankaren "Setteren" eigentleg heiter Gortskin. Ingen god kommunikasjon, akkurat, i samtalen. Så er han tilbake i Volovja og går til Grusjenka. Litt vanskeleg ennå å vite kva Dostojevskij vil med dette kapitlet.

III.8.III Gullgruvene
Kapitlet begynner med ei oppsummering av forholdet mellom Grusjenka og den sjalu Dmitrij. Interessant for den litterært interesserte lesaren er forteljaren si framstilling av Aleksander Pusjkins Othello, kanskje den mest kjende sjalu mannen i bokheimen.
Vår mann Dmitrij pantsett pistolane sine i den desperate jakta på pengar. Etter å ha vorte fortald at Smerdjakov er sjuk etter eit epilepsianfall og at Ivan har reist til Moskva, går Dmitrij til fru Khokhlakova for å låne pengar, men ho vil ikkje låne ut noko. Ho nemner, i samband med diskusjonen om frigjeringa av kvinnene, at ho har skrive til forfattaren Sjtsjedrin, som var ein faktisk person i Russland. Ute får han vite at Grusjenka ikkje lenger er hos Samsonov. Han tek ein messingstøytar og pådreg seg dermed mistanke for det som seinare skal skje: «Å Gud, han vil ta livet av noen!» seier fru Khokhlakova, eit grep som jo skal føre lesaren på villspor.

III.8.IV I mørket
Den sjalu Mitja, som spring ut for å finne Grusjenka, lurer seg fram og spionerer på faren, Fjodor Pavlovitsj, for han trur at Grusjenka er der, men det er ho ikkje. Han lurer faren til å opne, og det må skjere han i hjertet og høyre rivalen seie «Hvor er du, kjære engelen min, hvor er du?». Mitja tenkjer på kor sterkt han hatar faren («Der sto han, rivalen, hans plageånd, hans livs plageånd»), og har lyst til å drepe han. Grigorij Vasiljevitsj kjem, og Mitja slår han med messingstøytaren før han spring til fru Mosorovas hus, der nevøen til gardsguten Nasar Ivanovitsj fortel at Grusjenka har reist til Mokroje med Timofei. Konklusjon: Mitja er i ferd med å pådra seg mistanke.

III.8.V En plutselig beslutning
Mitja spring til Fenja, desperat etter nytt om Grusjenka, som skal ha reist til ein tidlegare elskar. Han har blod på hendene og i ansiktet etter episoden i førre kapittel, og han lyt vel vere klar over at Grigorij Vasiljevitsj meinte han hadde grunn til å kalle han «fadermorder». Neste post er Pjotr Iljitsj Perkhotin, som han hadde pantsett pistolane hos, og som nå reagerer på både blodet og pengesedlane. Mitja drikk med Pjotr og samanliknar seg med Shakespeares Yorick før han dreg sin veg og Pjotr bankar på hos fru Morasova. Romanen får i stadig større grad trekk frå kriminalsjangeren i tillegg til dei langt viktigare dimensjonane som vi har kommentert tidlegare.

III.8.VI Her kommer jeg!
Og denne «jeg» som kjem, for full musikk, er Dmitrij Fjodorovitsj Karamasov, Mitja; han kjem, med Andrej som kusk, til Mokroje for å finne Grusjenka, og er ikkje akkurat i psykisk balanse. Så går det opp for oss kva alt dette skal vere godt for, reint narratologisk og tematisk sett: Andrej blir samtalepartnar for Mitja om det dostojevskijske temaet straff og frelse: «[…], en har ikke lov til tråkke på et menneske og pine det. Og heller ikke andre levende vesener. Alt som lever er skapt av Gud, hesten også.» Vil også Mitja bli frelst? Dette er det store spørsmålet. «De er nok hissig», seier Andrej, «men Gud vil tilgi Dem for Deres store enfold.» Og Mitja ber: «Men la meg også få elske her på jorden.»
Dei kjem fram til Trifon Borisyts. Forteljaren beskriv vertshuset svært nøye. Her er Kalganov og Maaksinov, men viktigare er vel to ukjende karar. Og der er Grusjenka, i det blå rommet.

III.8.VII Den første og ubestridelige
Kapitlet har sikkert ein funksjon, men ennå er poenget med det litt uklart. Mitja finn i alle høve fram til Grusjenka og karane ho er saman med. Innimellom skriking og sk(r)åling snakkar personane om Polen (to av karane er polske; den eine heiter Pan Wróblewski). Oret pani (uttalen er [ˈpãɲɛ]) blir ofte brukt i ulike former – det er polsk for «herr(e)», trur eg. Polen hadde vorte delt tre gonger, og delar av landet var på denne tida undertrykt av Russland. Også ekteskapets og Gogols Døde sjeler blir diskutert, og ei gravskrift av Alexis Piron blir sitert; ho minner forresten om ei av Wessels gravskrifter. Samtalen er i grunnen sterkt forvirrande, men så er da heller ikkje deltakarane edrue.

III.8.VIII Feberrus
Festen utviklar seg, vi er jo i Russland, og ikkje uventa er det Mitja som er i feberrus. Han får snart følgje av Grusjenka. Ho har det ikkje heilt lett, verken på den eine eller andre måten. Når ho utbryt «Det er synd på de fattige og krenkede!», får vi assosiasjonar til den romanen av Dostojevskij som på bokmål har tittelen De fornedrede og krenkede, om han som vil leve som om Gud ikkje eksistrete, altså tematisk i slekt med Karamasovbrørne. Ho vil be til Gud og seier «Alle mennesker er gode, alle sammen» – slik vi tidlegare har lese i forteljinga.
Alt dette har bygt opp til at politimeister Mikhail Makarytsj og statsadvokaten kjem, mens festen har nådd klimaks. Makarytsj vil arrestere Mitra, mistenkt for fadermord. Gamle Karamasov er død. Nå ser vi grunnen til at forteljaren har lagt så stor vekt på at Mitja har blod på hendene. Så får vi sjå korleis saka utviklar seg.

III.9.I Begynnelsen på tjenestemann Perkhotins karriere
Vi er nå over på niande bok, «Forundersøkelsen». I grunnen ikkje så mykje å kommentere, for vi veit nå at forteljaren treng ei innleiing for gradvis å komme til høgdepunkt og poeng (eg ser nå at redaktøren for diskusjonen har oppretta to trådar, og dei tidlegare innlegga mine om den tredje delen skulle sjølvsagt ha vore publiserte i denne tråden her, men har eg forstått Dostojevskij rett, finst det tilgiving for langt grøvre mistak). Vi får vite at tenestemann Pjotr Iljitsj Perkhotin forhøyrer fyrst Fenja og deretter fru Khokhlakova, og fru Khokhlakova skriv ei erklæring om at ho ikkje har lånt pengar til Mitja. Forteljaren rettferdiggjer kapitlet ved å seie at han vil komme tilbake til møtet mellom henne og Perkhotin. Nå står politimeisteren for tur.

III.9.II Alarm
Forteljaren skildrar politimeisteren, Mikhail Makarovitsj Makarov, med mange positive karaktertrekk; m.a. er han gjestfri – og dermed har han samla hos seg fleire sentral aktørar i det kommande etterforskingsarbeidet, fyrst og fremst fullmektig hos statsadvokaten, Ippolit Kirillovitsj, kalla «statsadvokaten» (som har sine spesielle grunnar for å vere ivrig i tenesta) og forhøyrsdommar Nikolaj Parfonovitsj Neljudov. Dette er jo glimrande gjort: Dei nye personane blir presenterte for oss i ein heilt naturleg samanheng.
Vi får òg høyre Marfa Ignatjevnas versjon av omstenda rundt mordet på Fjodor Pavlovitsj Karamasov. Med i bildet høyrer at Smerdjakov låg sjuk; distrikslegen meinte at epileptikaren kanskje ikkje ville leve til morgonen etter.

III.9.III En sjels vandring gjennom trengsler. Første trengsel
Nå følgjer tre kapittel under samletittelen «En sjels vandring gjennom trengsler»; tittelen bryt med den realistiske skildringa av miljø og personar som vi elles har møtt, talet på trengslar, altså tre, har nøye samanheng med den magiske funksjonen som vi kjenner frå folkeeventyr og Bibelen.
Vi opplever Mitjas reaksjon på skuldingane, og på at Grusjenka seier at det var for hennes skyld at Mitja tok livet av far sin og tek på seg skylda. Han spør «kan jeg fortjene en slik kjærlighet», dvs. at Grusjenka seier at ho vil følgje han i fengselet, at ho vil dele skjebnen hans, «selv om vår vei skulle gå til skafottet».
Det blir altså ein periode med forhøyr av Mitja, den fyrste trengselen. Så lurt: Gjennom forhøyr får vi ta del i det Mitja tenkjer, i alle fall det han vil at representantane for styresmaktene skal oppfatte. For kva er sant og kva er løgn av det Mitja og Grusjenka uttrykker her?

III.9.IV En sjels vandring gjennom trengsler. Annen trengsel
Her skjer lite; prosessen med avhøyr utviklar seg vidare og lyt vere logisk bygd opp. Derfor har vi dette kapitlet, der Mitja har ein vanskeleg balansegang. Dei tre tusen rublane står sentralt.

III.9.V En sjels vandring gjennom trengsler. Tredje trengsel
I dette kapitlet er vi komne fram til eit viktig moment: Døra hadde ikkje vore open da Mitja var ved huset til faren. Han fortel at berre han sjølv og Smerdjakov kjende signalet som var avtalt mellom faren og Grusjenka. Mitja understrekar kraftig at Smerdjakov er uskyldig. Pengane vil han ikkje fortelje meir om. Forhøyrarane varslar kroppsvisitasjon.

III.9.VI Statsadvokaten får Mitja på kroken
Mitja reagerer kraftig på ordren om kroppsvisitasjon og på at han lyt ta på seg kleda til Kalganov. Etterpå fortel statsadvokaten at Grigorij Vasiljev seier at døra til hagestua hadde stått open. Verre er det at Nikolaj Parfjonovitsj viser fram ein tom konvolutt med påskrifta «Til min lille kylling» og «Tre tusen». Da endrar Mitja forklaring og legg skylda på Smerdjakov. Etter mykje forspel er vi nå framme ved at Mitja skal fortelje korleis han hadde fått tak i pengane.

III.9.VII Mitjas store hemmelighet. Han blir utpepet
Mitja seier nå at han hadde stole pengane frå Katarina Ivanovna Verkhovtseva og rangla bort det meste i to omgangar. Er kapitlet meint for å problematisere forholdet mellom ein kjeltring og ein tjuv? Utsagnet «Skurker er vi jo alle saman i større eller mindre grad, men det er bare erkeslynglene som er tyver. […] jeg mener bare at en tyv er mer slyngelaktig enn enn en slyngel.» er neppe tilfeldig lagt i Mitjas munn. Seinare følgjer han opp: «Jeg har lært at det ikke bare er umulig å leve som kjeltring, også å dø som kjeltring er umulig… Nei, mine herrer, man må dø som et hederlig menneske!...»
Derfor har vi hatt desse kapitla om rangling og forhøyr.

III.9.VIII Vitneutsagnene. Bånet
Vi kjem nå til vitneavhøyra, som for det meste handlar om pengeforbruket til Mitja: hadde han brukt alle dei tre tusen rublane på den fyrste ranglinga, eller hadde han fordelt utgiftene? Trifon Borisytsj meiner bestemt ja. Ja, hadde han kanskje seks tusen i alt? Eller, som gamle Maksimov seier, tjue tusen? Grusjenka held på at det gjekk med tre tusen fyrste kvelden.
Så har Mitja ein draum, om eit barn, «Bånet», der spørsmålet er «Hvorfor er folk fattige?». Det må vel da vere ein samanheng mellom dette spørsmålet og pengeforbruket til Mitja?
I alle fall vaknar Mitja og skriv raskt under på forklaringa.

III.9.IX Mitja blir ført bort
Eit stutt kapittel, men det viser kva forteljaren har lagt opp til. Vi er nå tilbake ved det kjernen i forteljinga: menneskets forhold til Gud, til verda, til medmenneska og seg sjølv. For nå seier Mitja: «Jeg tar lidelsen ved anklagen og den offentlige skjensel på meg, – jeg vil lide og lutres gjennom lidelsen!» Vi kjenner att tankane frå tidlegare. Vi har møtt tre brør med ulik innstilling til livet og religionen. Nå har Mitja vorte eksaminert som følgje av at gamle Karamasov har vorte drepen, og dei andre to står att. Så fint sett i sene!
Og Kalganov – ja, vi har møtt han før – tenkjer, etter at Mitja har vorte førd bort: «Hva skal man tro om menneskene etter dette? Det er jo meningsløst, helt meningsløst!»

IV.10.I Kolja Krasotkin
Vi er over i fjerde og siste delen. Tiande boka, som er den fyrste boka i denne delen, heiter «Guttene». Og det fyrste kapitlet er «Kolja Krasotkin».
Forteljaren held altså ikkje direkte fram med kva som skjedde etter at Mitja hadde vorte ført bort, men skildrar bakgrunnen til Kolja Krasotkin. Fyrst og fremst får vi vite at han var sjølvoppteken – og glad i å lese. Nyttig er det nok for lesaren å få opplyst at ein slektning av guten arbeidde ved den jernbanestasjonen som Ivan seinare skulle reise til Moskva frå (heldigvis skriv Kjetsaa «jernbanestasjon», og ikkje «togstasjon»). Læraren Dardanelov var forelska i mora til Kolja, Anna Fjodorova.
Forteljaren seier til slutt i kapitlet at Kolja er identisk med den guten «som var blitt stukket i siden med en pennekniv av Iljusja, sønnen til stabskaptein Snergirjov, den gang guttene ertet ham og kalte faren hans for en børste». Dette er lenge sidan – og viser kor bevisst romanen er komponert.

IV.10.II Unger
Vi følgjer Kolja Krasotkin vidare. I same huset som han, mora og tenestejenta Agafja bur ei dokterfrue med to ungar, Nasjta og Kostja, og ei tenestejente, Katerina, som er gravid. Kolja leikar med ungane; ein kanon gjer det største inntrykket. Agafja skal passe på dokterungane mens Kolja er borte ein tur. Og dett var dett?

IV.10.III Skolegutten
Og nå er Kolja kvitt barnevaktoppdraget. Han snakkar med ein annan gut, Smurov, som i eit tidlagere kapittel kasta snø på Iljusja, som nå er sjuk. Her er ingenting tilfeldig. Og vi får forklaringa på den litt lange innleiinga: Kolja og Smurov begynner å snakke om Iljusja, som dei har forsona seg med, og Aleksej Karamasov og rettssaka. Kolja besøker Iljusja «av egen fri vilje»; det er eit poeng her. Så begynner ei samanlikning mellom menneske og bikkjer, og Kolja seier at han er sosialist. Han snakkar med ein frosen bonde og talar han etter munnen for ikkje å skuffe han. Også ei torgkone snakkar han med - og ertar på seg ein handelsmann før han snakkar med ein klok bonde («Jeg innrømmer gjerne at vanlige mennesker også kan være kloke.»). Så ber Kolja Smurnov om å hente Aleksej. Da er vi klare for eit nytt møte med ein Karamasov-bror.

IV.10.IV Zjutsjka
Kolja, som er oppteken av «ideene og det virkelige liv», vil bli kjend med Aljosja, som nå framtrer langt meir verdsleg enn før. Kolja fortel om mobbinga av Iljusja, men er det sant, alt han seier? Tittelen på kapitlet er namnet på ei bikkje som ar vorte borte og som Iljusja lengtar etter. Vi får vite mykje om Kolja, men det er vanskeleg å seie kor relevant alt er. Eg har kjensla av å lese ei likning, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal tolke innslaget med Peresån (bikkja til Kolja) og historia om den bortkomne bikkja Zjutsjka - ja, den bibelske allusjonen var tilsikta.

IV.10.V Ved Iljusjas seng
Folka våre er på og snakkar om holdningar til sjukebesøk hos Iljusja. Unge Kolja ter seg uklanderleg og gleder Iljusja med kunstane til Peresvån og kanonar og forteljingar om ei gås. Grunnlegginga av Troja blir diskutert, og Kolja og Aljosja er ueinige om verdien av å studere klassiske språk. Også i Sigrid Undsets Jenny blir plassen til dei klassiske språka trekt fram, og der har talerøret til forfattaren same syn som Aljosja. Og så kjem dokteren.

IV.10.VI Tidlig moden
Diskusjonen om Guds eksistens dukkar nå opp att - dersom Gud ikkje var til, seier den veslevaksne Kolja, «så måtte man oppfinne Ham». Interessant at Kolja og Aljosja kjem inn på Voltaires Candide! Og kolja erklærer seg som sosialist, og meiner at Kristus ville ha vore revolusjonær om han hadde levd på 1800-talet. Denne meiningsutvekslinga gjer at dei kjem inn på Rakitin - og seinare Pusjkin. Så kjem dokteren.

IV.10.VII Iljusja
Eit stutt kapittel avsluttar den tiande boka. Det dreier seg om sjukdommen til Iljusja og den noko merkelege dokteren, som blir provosert av Kolja, og Kolja vil berre lystre Aljosja. Også Kolja blir rørt av orda til Iljusja på dødsleiet. Aljosja kan oppklare uttrykket «Glemmer jeg dig, Jerusalem», og eg kan tilføye at uttrykket stammar frå salme 137:
Gløymer eg deg, Jerusalem,
så lat mi høgre hand bli gløymd!
Store norske leksikon har ein artikkel om Jerusalem i jødedommen her.

IV.11.I Hos Grusjenka
Så arbeider forteljaren seg fram mot at han skal ta føre seg Ivan. Da treng han Aljosja, sjølvsat, og Grusjenka, ikkje noko(n) mindre. Og polakkane, som vi hugsar. Grusjenka meiner at det er «denne tjeneren» som må vere drapsmannen. Katerina Ivanovna blir òg brakt på bane, og dermed er trådane i gang med å bli nøsta opp til vi kan møte Ivan; han har alt besøkt Mitja, får vi vite.

IV.11.II Vondt i benet
Neste gamle kjenning er fru Khokhklakova, det er ho som har vondt i beinet, og dottera Lise, som har sendt bod etter Aljosja. Bladet Rykter (!) har ein artikkel om saka mot Mitja, og artikkelen er, så vidt eg kan skjønne, skriven av Rakitin, som da òg står bak nidvisa om frua. Ho fortel litt av kvart, også at Ivan har besøkt Lise. Ikkje rart da at Aljosja vil til Lise, som eg meiner ho har heitt heile tida, men som fyrst i neste kapittel blir omtala som Lisa. Om det eine namnet er kjælenamn for det andre, eller omvendt, veit eg ikkje.

IV.11.III Djevelungen
Aljosja er hos Lisa, som har noko «ondskapsfullt og samtidig noe troskyldig» over over seg; det er vel akkurat dette uttrykket som forteljaren bruker her, som vi tidlegare har tenkt passar på ungjenta - som Kolgakov har fridd til. Lisa vil gjere det vonde, seier ho, i ein slags allusjon til Paulus i Romarbrevet, som gjer det vonde som han îkkje* vil? Og Aljosja følgjer opp: «Det er stunder da menneskene elsker forbrytelsen». Lisa ber Ajosja om å levere eit brev til Ivan, det var derfor ho hadde bdt han om å komme; her møter vi kommunikasjon før mobiltelefonens og fjesbokas tid. Men framfor alt er dette eit veldig viktig kapittel pga. det som står om vondskap og brotsverk.

IV.11.IV Hymne og hemmelighet
Aljosja går til fengselet i heimbyen, som på norsk heiter Krøtterstad. Altså ikkje sentralt i urbane strøk av Russland. Vi får vite at Rakitin er huslærar hos fengselsinspektøren. Claude Bernard, som blir nemnd fleire gonger, var ein fransk lege og fysiolog. Rakitin seier at «[e]n klok mann kan gjøre kva han vil», noko som får meg til å tenkje på ein annan roman av Dostojevskij, Brotsverk og straff, der Raskolnikov gir uttrykk for liknande overmennesketankar. Interessant at tankegods frå tidlegare delar av verket nå dukkar opp att, med spørsmål om korfor det vesle barnet er så fattig (s. 103) og at alle ber skyld (s. 104). «For mennesket kan ikke leve uten glede», står det, vakkert sagt, er det. Og igjen: «Amerika er bare tomhet og jag.» (s. 109); det minner om Forkynnaren, der det i ei eldre riksmålsutgåve heitte at «alt sammen er tomhet og jag efter vind».

IV.11.V Ikke du, nei ikke du!
Utanfor huset til Katerina Ivanovna møter Aljosja broren Ivan, som akkurat har vore der. Katerina ber begge om å bli med inn; Ivan var på veg ut att da Aljosja kom. Emnet for samtalen er morgondagens forhør.
Katerina ber Aljosja om å følgje etter Ivan. Aljosja gir han brevet frå Lisa, som Ivan seier «byr seg fram». Aljosja og Ivan snakkar om kven som kan ha drepe faren. «Du har jo flere ganger sagt til deg selv at du er morderen», seier Aljosja til broren. I denne replikkvekslinga var det «som om det ikke lenger var han som snakket, det var som om han ble styrt av en annens vilje, som om han sto under innflytelse av ukjent, høyere makt». Tittelen på kapitlet kjem frå replikken der Aljosja seier «Men det er ikke du som er morderen, du tar feil, det er ikke du, hører du! Gud har sendt meg for å si deg dette.».
Ivan vil gå til Smerdjakov, som nå bur hos Marja. Dit skal Ivan nå, «drevet av en plutselig og uimotståelig tanke».

IV.11.VI Første møte med Smerdjakov
Ivan går til Smerdjakov. Ivan var borte frå gravferda til faren; han kom ikkje tilbake «til oss» før etter gravferda, seier forteljaren, som er del av fellesskapet i landsbyen. Vi får vite om det dårlege forholdet mellom Ivan og Mitja. Og Smerdjakov: hadde han anfall på ordentleg da gamle Karamasov vart drepen, eller simulerte han? Det blir kraftig diskusjon mellom Ivan og Smerdjakov om situasjonen som oppstod etter mordet. Ivan seier at han er sikker på at Mitja er mordaren og argumenterer grundig for synet sitt. Seinare møter han Aljosja på gata. Og vi les:
Fra den dagen la Aljosja merke til at Ivan likesom begynte å unngå
ham. Han følte at broren ikke lenger var glad i ham og sluttet derfor
å besøke ham.

IV.11.VII Annet besøk hos Smerdjakov
Smerdjakov er heime frå sjukehuset; om han har simulert anfallet veit vi ikkje. Ivan kjem til Smerdjakov, som har briller, og det synest Ivan er uttrykk for noko lite høgverdig; han kallar Smerdjakov eit krek. I grunnen er temperaturen høg i diskusjonen mellom dei to. Poenget til Smerdjakov er at Ivan ønskte faren daud. Ivan, på si side, seier at det var Smerdjakov som drap han. Ivan tenkjer
Ja, jeg gikk bare og ventet på dette, det er sant! Jeg ønsket at
mordet skulle skje! Gjorde jeg virkelig det, på alvor?... Jeg må slå i
hjel Smerdjakov!... Om jeg ikke har mot til å drepe ham, er det ikke
verdt å leve lenger!...
Ganske sterkt om at vi alle har skyld? Så dreg Ivan til Katerina Ivanovna. Her får vi lese eit brev frå «D. Karamasov» om at Mitja skal betale tilbake dei tre tusen rublane - dersom han hadde hatt dei - og at det er han - Mitja - som er mordaren, og Ivan trur det.
Og så blir det veldig innvikla mot slutten av kapittelet. Kven har sagt kva? Og kven er skyldig? Ivan skal til Smerdjakov - «'Nå kommer eg kanskje til å drepe ham,' tenkte han underveis.»

IV.11.VIII Tredje og siste møte med Smerdjakov
Vi kan velte oss i viktige kapittel! Vi legg merke til at forteljaren, i presens, er med; «I den bydelen hvor Smerdjakov bodde, finnes det nesten ikke gatelykter». På veg til Smerdjakov møter Ivan ein bonde som han kjem i klammeri med; dette blir ramma for kapittelet, til slutt møter vi denne bonden på ny. «'Han kommer sikkert til å fryse i hjel!' tenkte han og fortsatte videre til Smerdjakov.» – ganske kaldt. Smerdjakov er ikkje bra og opptrer hovmodig. Han har boka Vår hellige fader Isak Syrerens ord, ein ikkje uviktig nykel til å begynne å forstå Dostojevskij univers.
Smerdjakov seier at «denne tredje» er saman med dei – det er vel Gud, det. I strømpa har han dei tre tusen rublane som vi har høyrt så mykje om. Om mordet har han nå dette å seie til Isak: «Jeg drepte ham sammen med Dem», og minner gjesten om utsegna «Alt er tillatt»: Spørsmålet om alt er tillate dersom Gud ikkje finst, er jo hovudspørsmålet i romanen. Er det derfor Ivan er medskyldig?
Så kjem dei inn på mordet og at Smerdjakov hadde simulert anfallet fyrste gongen og fekk mistanken over på Dmitrij, men det er, seier Smerdjakov, Ivan «som er den virkelige morder i lovens rette mening». Smerdjakov fortel altså om mordet, om kva som skjedde om natta og om pengane. Ivans replikk «du har vel hatt fanden selv til medhjelper» kan vi oppfatte som bokstavleg meint! Også seinare i kapitlet kjem vi tilbake til utsegna om at «alt er tillatt».
Ivan møter som sagt bonden att og kjenner eit «isgufs i sjelen». Han vart sittande
med hodet støttet i begge hendene, og stirre mot sofaen som sto ved
veggen midt imot ham. Det var visst noe der som irriterte ham, en
eller annen gjenstand som uroet og pinte ham.
Neste kapittel skal, heldigvis, forklare meir om sjukdommen hans.

IV.11.IX Djevelen. Ivan Fjodorovitsj' mareritt
Tittelen lover ikkje godt, men innhaldet vart førebudd på slutten av kap. VIII. Dette med djevelen minner meg om Luthers møte med hinmannen, noko som blir stadfest mot slutten av kapittelet: «Du tenker vel på Luthers blekkhus!». Her kjem forteljaren fram att for fullt for å fortelje om sjukdommen til Ivan Fjodorovitsj, «nervefeber», altså tyfoidfeber. Den nye dokteren som Katarina Ivanovna har tilkalla frå Moskva, seier at det ikkje er uvanleg med slike hallusinasjonar som Ivan har hatt.
Forteljaren bruker god plass på å skildre ein kar som sitt i rommet. Dette er vel ein ny figur som Dostojevskij bruker for å halde den store diskusjonen gåande («Men sjølv om djevelens eksistens er bevist, så betyr vel ikkje det at Guds eksistens er bevist?»). Ivan oppfattar denne karen som den materialiserte sjukdommen. Når mannen seier at han er «en fallen engel» og «Om jeg noensinne har vært en engel», tenkjer vi på Satan, engelen som gjorde opprør mot Gud. Her er fullt opp av parallellar med både Peer Gynt (knappestøyparen) og Bulganov (Meisteren og Margarita), for ikkje å seie ein direkte referanse til Dostojevskijs diktarkollega Tolstoj. Om det er Dostojevskij eller omsettar Kjetsaa som skriv «n'est ce pas» i staden for det korrekte «n'est-ce pas», er ikkje så godt å seie. Viktigare er replikken «for lidelse, det er jo nettopp livet» – dette er kjernen i verka til Dostojevskij. Dei to diskuterer om Gud er til; det skulle jo berre mangle, for det er dette som forfattarskapet handlar om. «Je pense, donc je suis» er sjølvsagt ein referanse til Descartes. Neste del av samtalen har referansar til Jesu likningar, historia om døyparen Johannes, jesuittane, om «alt er tillatt» – og «Storinkvisitoren».
Dostojevskij held koken. Og nå kjem Aljosja og fortel at Smerdjakov har hengt seg.

IV.11.X «Det var han som sa det!»
Nå fortel Aljosja Ivan om at Smerdjakov har hengt seg, og Ivan fortel Aljosja at han meiner at fanden har besøkt han. Og Dmitrij, seier Ivan, kallar Aljosja ein kjerub. Ja, her møtest himmel og helvete. Ein kjerub er Guds sendebod, og ein seraf, som òg blir nemnd, er eit englevesen. Ein stor replikk er «Veien i morgen går til korset, men ikke til galgen.» Men så kjem dette: «Men han – det er meg, Aljosja, meg selv. Alt som som er lavt og simpelt hos meg!» Da Ivan meinte at han møtte fanden, møtte han seg sjølv, sin Mister Hyde! At det går an å dikte slik!
Ikkje rart at Ivan mister bevisstheita.

IV.12.I En skjebnesvanger dag
Forteljaren trer tydelegare fram her når vi få vite om rettssaka mot Dmitrij Karamasov. Det er auga hans vi opplever rettssaka gjennom, og han tek sine atterhald når det gjeld objektiv skildring. Og interessa for saka var tydelegvis stor; dei fleste damene «var så ivrige at de hadde glemt å pynte seg». Rivalinnene Katerina Ivanovna og Grusjenka er blant dei store trekkplastera, ved sida av spenninga mellom juristane: forsvarar Fetjukovitsj og statsadvokat Ipolit Kirillovitsj. Salen er stappfull. Hadde eg ikkje visst betre, hadde eg trudd at forteljaren viste til ei pågåande rettssak her i landet.
Dette kapittelet ser ut til å tene som innleiing til rettsforhandlingane; det viser atmosfæren som forhandlingane vil finne stad i. Hovudpersonen, Mitja, erklærer seg skyldig i «drukkensskap og utsvevelser», «i dovenskap og fråtseri», men ikkje i at faren døydde.

IV.12.II Farlige vitner
Eigentleg er det lite konkret å melde frå desse vitneavhøyra. Vi blir minna om at heile handlinga strekker seg over nokre få dagar, for sjølv om det verkar som vi ikkje har møtt Rakitin på år og dag, er det faktisk ikkje lenge sidan denne seminaristen og huslæraren (hos fengselsinspektøren) var ein høgst aktiv person. Nå får han spørsmålet «[E]r ikke De den samme herr Rakitin som har skrevet en brosjyre under tittelen 'Den i Gud hensovnede starets Sosimas liv og levnet'?». Dermed kom også staretsen inn att på sena; rettssaka kan vel nesten tolkast som eit oppgjer om Guds eksistens.
Forteljaren skriv ein interessant parentes om at han får vite at Grusjenkas etternamn kan vere Svetlova, for det visste han ikkje. Forteljarens rolle er ein studie verd i seg sjølv.
Trådar blir trekte til det vi med erfaring frå norsk rettshistorie kan kalle pengeviset – og til vesle Iljusja, som ligg for døden. Dostojevskij slepp ikkje taket i personane sine.

IV.12.III Medisinsk sakkyndighet og et pund nøtter
Dokter Herzenstube er med blant dei medisinsk sakkyndige, og forteljaren meiner han var «Herrnhuter» eller «mährisk broder». Det er ikkje ukjent i norsk rettshistorie at medisinsk sakkyndige er ueinige.
Herzenstube legg ut om tiltaltes mentale tilstand. Og pundet med nøtter? Eg veit ikkje. Historia understrekar «Gott der Vater, Gott der Sohn und Gott der heilige Geist», som jo står sentralt i romanen. Vi får sjå. Dostojevskij har nok ei meining med dette kapittelet òg.

IV.12.IV Lykken smiler til Mitja
Ei rettssak er i grunnen ein fin måte å stille ting i relieff på. Neste vitne er Aljosja. Særleg spennande er ikkje denne delen av rettssaka; kapittelet ville neppe ha vorte direkte overført i fjernssynet. Ennå står «pengebeviset» sentralt, også i avhøyret av Katerina Ivanovna og Grusjenka. I ei rettssak lyt alle gjere greie for seg og lyt rekne me då bli stilt til veggs. «Din gjerning skal vitne for deg» står det hos Øverland.

IV.12.V En plutselig katastrofe
Nå er det Ivan, som er kommen til hektene att. Litt, i alle fall: «Jeg føler meg helt elendig.» Ivan, ved sin «fulle, onde forstand», seier at Smerdjakov var mordaren. OG han ber om vatn, ironisk nok «for Kristi skyld». Om seg sjølv seier han «jeg er ikke sinnsyk, bare morder», ei påminning om at vi alle er skyldige? Han snakkar om djevelen han hadde besøk av – og eg, som nettopp har lytta til Åse-Marie Nesses gjendikting av Faust, da! Djevelen, held han fram, «er nok til stede i salen her», ja, visst er han det!
Katerina Ivanovna skrik ut at det er Mitja som er mordaren og viser fram brevet frå denne Karamasovbroren, der det står: «Jeg skal slå ham i hel, så fort Ivan er reist.» Skyldmotivet blir forsterka når ho siterer Ivan: «hvis det er Smerdjakov som er morderen (…), så er vel jeg også skyldig».

IV.12.VI Statsadvokatens tale. Karakteristikk
Etter forhøyra av Ivan, Aljosja og Katerina Ivanovna er det tid for eit langt innlegg frå statsadvokaten. Litt rart at han «betraktet denne talen som sitt livs chef-d'œuvre, som sin svanesang»; hovudverk og svanesong er da på ingen måte synonym! Som representant for det beståande samfunnet er det naturleg for han å kritisere trekk i tida som uttrykk for «at våre moralske prinsipper er i ferd med å rokkes i sine grunnvoller, eller at vi kanskje ikke har noen moralske grunnprinsipper i det hele tatt?». Som å høyre Cicero rase mot Catilina, dette: «O tempora, o mores!» …
Statsadvokaten siterer «en av våre største forfattere», som i hovudverket sitt «sammenligner Russland med en troika som jager av sted mot et ukjent mål». Denne forfattaren, er eg ganske sikker på, er Gogol, og verket er Мертвые души, «Daude sjeler».
Han siterer Ivan, som har sagt til Smerdjakov det han hevda tidleg i forteljinga, at «alt er tillatt». Ivan liknar mest av alle sønene på faren, seier han, og Aljosja er sjølve motsetninga av Ivan. Interessant er at han seier «jeg vil også forsvare tiltalte! Jeg er nok anklager, men jeg er vil også være forsvarer».

IV.12.VII Historisk overblikk
Ikkje så mykje konkret her. Vi får repetert Mitjas forhold til Grusjenka og rivaliseringa med faren; begge vart gripne «av den mest fortærende karamasovske lidenskap». Også festinga på vertshusa og familiemøtet i klosteret blir trekte fram av statsadvokaten, i tillegg til «Mitjas anstrengelser for å skaffe seg penger», før Ippolit Kirillovitsj begynner å snakke om Smerdjakov (i neste kapittel).

IV.12.VIII En avhandling om Smerdjakov
Eit litt anna perspektiv enn før: Sjå kor elegant Dostojevskij framstiller ein statsadvokats innlegg, ikkje minst ved hjelp av retoriske spørsmål, for å få retten med på angrepet på Mitja! Han trekker fram autoritetar («våre største psykiatere»), og ikkje minst stiller han retoriske spørsmål. Statsadvokaten held ei oppvising i retoriske appellformer, ikkje noko mindre. Men held det?

IV.12.IX Psykologi for alle pengene. Den galopperende troika. Slutten på statsadvokatens tale.
Nå gjer statsadvokaten seg ferdig. Vi ser at (nesten) alt som skjedde før rettssaka, nå blir gjennomgått som ei rettssak, med aktorat og forsvar, ein prosess om livet og døden, om straff og skyld. Interessant er at statsadvokaten har kjennskap til Shakespeare og Hamlets monolog om å vere (dvs. leve) eller ikkje vere (dvs. døy). «Nei, ærede jury», legg han til, «andre får bare ha sine Hamleter, vi russere har nok med våre Karamasover!»
Eg ser forresten at ei dramatisering av romanen, Brødrene Karamasov, for tida går på Trøndelag Teater, og at Dostojevskij skal diskuterast på Litteraturhuset i hovudstaden. Det gror etter kommentarane våre.

IV.12.X Forsvarerens tale. En stokk med to ender
Forsvararen, Fetjukovitsj, begynner; fyrst tilbakeviser han skuldingane mot Mitja, «ikke uten sarkastiske og ondskapsfulle bemerkninger», og deretter «hevet talen seg virkelig til patos». Dostojevskij lyt ha kost seg med å la forteljaren trekke parallellar til romanskriving, «særlig om man da fra naturens side er blitt utstyrt med stor psykologisk begavelse», og dette passar vel meir på forfattaren av Karamasovbrørne enn på dei fleste.

IV.12.XI Det var ingen penger. Det var ikke noe ran
Også i dette kapittelet viser til forteljaren til romanskriving og psykologi når han lèt forteljaren referere Fetjukovitsj, forsvararen:
Er ikke dette snarere en fantasifull antagelse som anstår seg en
romanforfatter?
og
Ærede jury, siden dette er psykologi med to ender, vil jeg ta fatt i
den andre enden, så får vi se hvilket resultat vi da kommer frem til.
Fetjukovitsj har eit stikk motsett perspektiv på saka enn aktoratet …

IV.12.XII Det var heller ikke noe mord
Ei logisk oppfølging av kapittelet føre: «Det var ingen penger. Det var ikke noe ran». Og nå: «Det var heller ikke noe mord». Og skjemtinga med diktarprofesjonen held fram: «I virkeligheten kan det dukke opp en mengde ting som unngår det fineste dikterblikk.» Fetjukovitsj ladar opp til det siste slaget.

IV.12.XIII En tankens horkarl
Kva legg vi merke til her? Mykje snakk om forholdet mellom far og son (som i kristendommen?) og om kjærleik: «Kjærlighet kan ikke skapes av intet, bare Gud kan skapes av intet.» Og skyld: «Jeg er skyldig overfor alle mennesker, jeg er den mest uverdige av alle.» Alt frå det som skjedde før rettssaka, kjem opp att i rettssaka.

IV.12.XIV Bøndene holdt stand
Dette er siste kapitlet før epilogen. Forsvararen har gjort inntrykk på forsamlinga, og statsadvokaten lyt ta til motmæle for å forsvare tradisjonelle verdiar:
Men hvis et fadermord bare skal være en fordom, og hvis hvert barn
skal spørre sin far: 'Far, hvorfor er det min plikt å elske deg?' –
hvordan skal det da gå med oss, hvordan skal det da gå med samfunnets
grunnvoller, hvor skal da familien da ta veien? […].'
Det er som å høyre pastor Manders i Ibsens Gengangere. Så dømmer da òg juryen Dmitrij skyldig – men forteljaren hugsar ikkje klart kva som vart sagt. Den dømde hulkar; «Det var nesten som om han hadde fått en ny, fremmed stemme, – Gud vet hvor han hadde fått en fra.» Ja, kanskje nettopp Gud ...

Epilog I Planer om å redde Mitja
Så kan vi jo spørje: Korfor blir han dømd skyldig? Har det samanheng med noko vi har lese tidlegare? Da starets Sosima fekk den siste oljen og tala til dei som var samla i cella? Da sa han:
«Dere skal elske hverandre, […]. Dere skal elske Guds folk. […] hver
enkelt av oss er skyldig for alle og for alt på jorden, […] hvert
enkelt menneske er skyldig for alle mennesker og for hvert enkelt
menneske på jorden. […] Vær ikke redd for synden om dere bare
erkjenner den og føler oppriktig anger.»
For, meiner i alle fall Dostojevskij, vi er alle skyldige. Her, i det fyrste kapitlet i epilogen, møter vi Aljosja, som går til Katerina Ivanovna, som på si side er klar: Mitja må få hjelp til å flykte. «Han som sitter i fengsel», seier ho, med tanke på Mitja, «er ikke i stand til å lide, er vel han i stand til å lide? Nei, slike som han lider aldri!»
Og så er det lidinga som er heile poenget med livet hos Dostojevskij …

Epilog II For et øyeblikk ble løgnen sannhet
Aljosja dreg til Mitja på sjukehuset. Etter ei stund kjem Katja, og etterpå Grusjenka. «Men det er ikke du som trenger min tilgivelse, men jeg som trenger din», seier Katja til Mitja. Grusjenka vil ikkje tilgi Katja. Nykelreplikken er vel noko Aljosja seier til bror sin tidleg i kapittelet:
Gjennom lidelse ønsket du å bli gjenfødt til et nytt menneske. Men
hvis du tar på deg dette tunge martyrkorset, vil du bare føle skyld i
ditt indre. Og denne skyldbevisstheten vil kanskje være en større
hjelp til å bli et nytt menneske enn dine kvaler der borte.

Epilog. III Lille Iljusjas begravelse. Talen ved stenen
I ei god bok er ingenting tilfeldig. Vi hugsar gutane som kasta stein og at Aljosja var heime hos den sjuke Iljusja. Nå er Iljusja daud, «to dager etter dommen mot Misja»; ja, dommen; dette er ikkje eit kristent verk for ingenting. I spissen for gutane ved grava er Kolja Krasotkin, veslevaksen som alltid: «Merkelige saker, Karamasov! En sånn forferdelig sorg, og så skal det plutselig serveres pannekaker. Et underlig trekk ved vår religion!» Ved kista finn Aljosjo nokre smågutar; det er neppe tilfeldig at dei er tolv. Kolja snakkar om steinkastinga, og Aljosja ber forsamlinga om å ta vare på minnet om Iljusja. «Å, kjære barn, å, kjære venner, frykt ikke livet! Hvor skjønt er ikke livet når du bare gjør noe godt og riktig!» avsluttar Aljosja, med referanse til Sosima tidlegare i verfket.
Som vi har sett før, meiner Dostojevskij at det bare er ved å elske livet at vi kan fatte meininga med det. Vi skal òg elske synda og lidinga; det er lidinga som foredlar oss som menneske. Eg las for ikkje lenge sidan at Lenin sette Dostojevskij høgt, men dette med lidinga likte han dårleg. Det skjønner eg godt. Men Karamasovbrørne er uansett vakkert og nydeleg skrive.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

G LLene AndresenKirsten LundSverreBerit RBeate KristinTove Obrestad WøienBeathe SolbergHanne Kvernmo RyeTrude JensenMathildeKristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KLaila StenbrendenSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeIreneleserWenche VargasAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorah