I forlenginga av boka så kan det vere vel verdt å ofre ein liten time på å sjå på dokumentaren om Sumé, eit rockeband danna av grønlandske studentar i København på 70-talet, og som satte grønlandsk sjølvstyre på agendaen. Filmen seier ein del om forholdet mellom Danmark og Grønland.
Viser 1 svar.
Frå side 447, i kapittelet "Harpunmann":
Med gløden pulserende i krittpipen peker han på det stedet på kartet hvor lengdegradene løper sammen som linene i et hundespann
Det er Nordpolen han peikar på. Eg vil tru folk flest er vant med å tenke på hundespann slik ein ser dei på TV i t.d. Finnmarksløpet, med hundane laina opp på to rekker og festa til ei line i midten, som på biletet nedanfor. Og dette liknar ikkje på meridianane som møtest på Nordpolen.
Ser ein derimot på dokumentarfilmen eg lenkar til over, ved tida 12:42 og/eller 36:31 ser ein at grønlendarane satte opp hundespanna sine i ein vifteform, og samanlikninga til Leine gjev med eitt meining.
Forøvrig kan eg nemne at Jack London diskuterer desse to måtane å setje opp hundespann på i White Fang, i denne boka så nyttar indianarane i Alaska same vifteforma til hundespanna sine.