Det kan sjå ut for at det er fleire enn eg som kava litt med å finne eit eksemplar av denne boka. Fekk treff på Majorstuen Antikvariat og på Stavanger Antikvariat, men begge stadar kunne dei opplyse om at boka nettopp blei solgt. Tek eg feil dersom eg gjettar på at det var deltakarar i lesesirkelen som var dei heldige kjøparane?

Men no til grunnen at eg skriv dette innlegget; Etter tålmodig søking så fann eg fram til eit eksemplar på Boklageret på Lunde. Var i kontakt med ei hyggeleg dame der, som kunne opplyse om at dei hadde to - 2 - eksemplar tilgjengeleg. Eg har bestilt det eine. Dermed burde det vere eit eksemplar til overs der, i tilfelle nokon skulle vere interessert.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 3 svar.

Boka kom i hus i går, så no er eg klar.

I ein liten e-postkorrespondanse med Boklageret på Lunde i går så kom det fram at det inntil då ikkje hadde kome nokon bestillingar på det andre eksemplaret deira. Så dersom nokon gjeng i tankar om å skaffe seg boka så er det sikkert framleis ledig. Og kva med det på Nome Antikvariat, er det nokon som har kjøpt det?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg sikret meg den fra Majorstua :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nome antikvariat har også eit eksemplar av boka. Hyggeleg dame der også. Eg trur generelt at folk blir hyggelege av å ha dagleg omgang med bøker.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaVegardMorten JensenKirsten LundJane Foss HaugenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRoger MartinsenLilleviAleksanderAnne Berit GrønbechHelge-Mikal HartvedtJørgen NMarit HåverstadAnniken LHanne Kvernmo RyeReidun SvensliGladleserBjørn SturødFarfalleVilde Gran JohansenMarianne_Tove Obrestad WøienElin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiMartineDemeterIngunn SNorahOddvarGMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmor