Kjekt med Google Streetview, eg har nytta ein regnfull himmelfartsdag til mellom anna å vandre litt i nokre av stadane vi var innom i boka, Sukkertoppen, Gammel Sukkertoppen og Hosteinborg, eller Maniitsoq, Kangaamiut og Sisimiut som er gjeldande namn. På staden der profetane sin busetjing er avmerka på innsida av bokomslaget greidde eg ikkje å finne nokon busetjing på Google Maps.

Inntrykket mitt frå desse "vandringane" er lett nedslåande. Ein må sjølvsagt ta høgde for at nokre vilkårlege gatebilete ikkje gjev eit rettvist inntrykk av desse stadane, som heilt sikkert har mykje å by på. Likevel, det eg ser leier tankane over på slum. Dei fleste av husa er i skarpe og fine fargar, blått, gult, grønt, men ser ein nærmare etter er mange av husa prega av veret, eller kanskje også av manglande vedlikehald. Pallar, plank og anna lausøyre er fråsegslengt overalt, det kan sjå ut for at det blir lagt lite vekt på å stelle det til pent rundt husa. Og det er ikkje sikkert at det gjev meining å stelle det så fint heller, dersom dei er nedsnøa brorparten av året.

skriv bildebeskrivelse her
Frå Maniitsoq (Sukkertoppen). Bygninga til venstre er ein skule, som kunne trenge eit malingsstrøk. Til høgre ei kyrkje, eg vil tru den er nyare enn Leine sin historie.

skriv bildebeskrivelse her
Frå Kangaamiut (Gammel Sukkkertoppen). Fleire av husa skrik etter maling og vedlikehald, men dei i forgrunnen av dette biletet verkar å vere i brukbar stand.

skriv bildebeskrivelse her
Spar-butikken i Sisimiut (Holsteinborg). Vindauga er plassert heilt oppunder rafta, er det pga høge brøytekantar om vinteren tru? Kanskje er det også derfor at inngangspartiet er minimalt? Mindre arbeid med måking?

Ein annan ting eg legg merke til er at mange av husa har tilkomst via trapper og gangbaner på forholdsvis høge pålar. Eg gjeng ut frå at dette er veldig praktisk om vinteren.

Eg er viss på at eg ville ha fått eit heilt anna inntrykk av å vitje desse stadane enn det Google Streetview gjev meg. Og ein treng ikkje å google mykje for å finne betydeleg meir flatterande bilete frå desse stadane.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Anne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleser