Denne har eg lagt merke til. Dessverre har eg ikkje den portugisiske utgåva ståande i hylla enno. Sjekka som snarast på nettet, har ikkje funne braslilanske nettbokhandlar som skipar utanlands, og på amerikansk amazon så kostar det godt over tusenlappen, eg meiner, er den pakka inn i ei gull-øskje eller noko? Får intensivere leitinga dersom denne seiler opp som eit førsteval.
Viser 1 svar.
Fann ein brasiliansk nettstad som skipar utanlands, Loyola-bokhandelen, og bestilte like godt Azul-corvo der. Eg tykte det var litt påfallande kor hardt denne nettstaden fronta religløs litteratur, så eg måtte sjekke litt. Jaudå, Loyola var grunnleggar av jesuitt-ordenen. Jammen flaks at jesuittar, ved grunnlovsendring i 1956, har fått adgang til riket, ellers er det ikkje godt å seie om denne handelen hadde gått i orden.