Morten Falck regnet selv med å måtte tilbringe seks til ti uker på den gamle hvalfangstskuta, så det var vel beregnet overfartstid den gangen alt avhengig av vær og vind.
Viser 2 svar.
Du har så rett, Gretemor! Det står faktisk på s 82 i mi utgåve. Dei gamle seilskutene gjekk nok ikkje så fort. Såg på nettet at dei som utvandra frå Norge til Amerika ofte måtte vere to tre månader om bord i skuta. Det er nesten utenkjeleg i vår tid!
Ellers så likar eg boka så godt at eg har bestemt meg for å kjøpe..........
Det er mykje eg ikkje veit om sjøfart, men eg forstår likevel at det er ein fordel å ha medvind når ein skal seile, og at det ikkje er like ofte medvind langs alle ruter. Ein burde også ha lov å vente at reisene gjeng raskare etter som åra gjeng, både på grunn av utvikling av seglbåtane i seg sjølv, og på grunn av at ein får eit betre statisktisk grunnlag for å velge ruter og seilingstidspunkt der ein kan vente seg medvind, eller i det minste gunstige vindforhold. Likevel, her er nokre artige tal:
Christofer Colombus brukte 70 dagar frå Sør-Spania til Bahamas i 1492, av denne tida surra han bort nokre veker på Kanariøyene. Rundt 6600 kilometer i luftlinje, som gjev 94 km pr dag.
Ei anna seilbåtreise, frå litteraturen denne gongen, er utvandringa til Karl Oskar og Kristina i Vilhelm Moberg sitt bokverk, dei seilte i 1850 frå Karlshamn til New York (rundt 6300 km i luftlinje) og brukte også 70 dagar på dette, eller rundt 90 km pr dag. Ikkje mykje utvikling i framdrift på desse 358 åra åra altså.
Morten sin reise er på omlag 3500 kilometer i luftlinje, men har nok litt meir omvegar enn dei reisene som er nemnde lenger oppe. 6-10 veker verker derfor ikkje urimeleg.