Apenes konge - ein klassikar, men nokså forelda Eg veit ikkje om det finst statistikk eller forskning på dette, men eg innbiller meg for det fyrste at bortimot alle born las då eg var gut 1960-1964, og at politikken med å senda ut barneutgåver av dei såkalla klassikarane ikkje berre gav oss næring til tankeflukt av ein annan dimensjon enn barnebøker henlagt til i dag, men også sette oss i direkte kontakt med verdslitteraturen og den vestlege kanon. Romanar av Charles Dickens, R.L. Stevenson, Victor Hugo, Alexandre Dumas – dei var ein del av den felles lesinga. «Oliver Twist», «Den svarte pila», «Frendeløs», «Dei tre musketerane», «Ei verdsomsegling under havet», «Moby Dick»...

Bøkene kom ut i seriar frå Damm og Gyldendal, men også i teikneserieutgåver frå Stabenfeldt eller på nynorsk frå Norsk Barneblads Forlag. Prisane var så låge at me som regel kjøpte bøkene sjølv, av eige lommepengar, korleis det no hadde seg. Du fann velfylte bokhyller på dei fleste guterom. (No snakkar eg kun om gutar, sjølvsagt las jenter like mykje, men det var ei anna verd – det var eit skarpt skilje mellom gutebøker og jentebøker.) I tillegg kom ei rekkje spenningsseriar, med Hardy-gutane i front, Fem-serien (ein av mine favorittar) og så cowboy-bøker då, med Hopalong Cassidy som den einaste eg hugsar i farten – og Tarzan-bøkene. Her gjorde eg mitt livs fyrste skrivetekniske oppdaging, eg oppdaga nemlig at forteljingane var bygd opp slik at anna kvart kapittel handla om kvar sine personar og miljø (som sjølvsagt møttest på eit eller anna tidspunkt), og at kvart kapittel enda med ein cliffhanger, slik at ein måtte lesa neste kapittel for å få med seg framhaldet på cliffhangeren i kapitlet framfor, osv. Hm, tenkte eg, 10-11 år gammal, så det er slik dei gjer det. Ikkje dumt.

Det var bror min som eigde Tarzan-bøkene. Eg las dei alle, men Tarzan var liksom aldri vår mann. Det var noko litt forelda over han, han vart ein vits. "Tarzan i underbuksa".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Et fint tidsbilde du gir her. Det stemmer at vi leste, men i mitt miljø var nok tegneserier vel så utbredt som bøker. Kanskje klasseforskjeller? Kulturforskjeller? Seriene var sentrale, i begge sjangre. Blant bøkene husker jeg best Davy Crocett, men det var kanskje mer femtitall? Hardy gutten som du nevner og Fem serien. Illustrere klassikere var en meget populær tegneserie, mens Texasbladene (?) var det man hadde med på kino for å lese under reklamen. Og Donald. Kino, det var Tarzan. Og det var faktisk grunnen til min kommentar: jeg har aldri lest ei Tarzanbok. Jeg visste ikke at de eksisterte. Tarzan - det var kino. Og etter filmene hørtes Aaiiiaaiiæææ rop over hele byen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin