Eg kan tenke meg å delta i ei samlesing av Tistlene brenner ein gong. Las boka for mange år sidan, og historia om den vesle kjempen Magre Memed gjorde eit stort inntrykk på meg. Han gav håp til dei undertrykte!
Men, veit du eller nokon andre om det også finst ei eiga bok om Magre Memed? Eg har alltid trudd at det var ulik tittel på same roman, men no er eg ikkje sikker lenger.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Dette skapte litt forvirring då eg foreslo boka i lesesirkelen for eit års tid sidan. I den diskusjonen blei også dei svenske titlane drøfta, og då blei forvirringa komplett. Det Monica har saksa frå snl i innlegget under er så langt eg veit heilt rett. Etter litt blaing i wikipedia kan eg gi eit litt meir utfyllande svar:

İnce Memed tyder "Magre Memed" direkte oversatt. Yaşar Kemal har skrive fire bøker med originaltittel İnce Memed, og der dei tre siste rett og slett nummerert 2-4. Eg greier ikkje å finne noko om korvidt dei to siste er oversatt til norsk.

Tyrkisk: İnce Memed (1955)
Norsk: Magre Memed
Svensk: Låt tistlarna brinna!

Tyrkisk: İnce Memed II (1969)
Norsk: Tistlene brenner
Svensk: Och de brände tistlarna

Tyrkisk: İnce Memed III (1984)
Norsk: ??
Svensk: Magre Memeds hämnd

Tyrkisk: İnce Memed IV (1987)
Norsk: ??
Svensk: Hav av eld

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ser ut til at du har rett. Sakser to linjer fra oppslaget om Yaşar Kemal på snl.no:

Med sin første roman Magre Memed (1953-54, norsk overs. 1971) vant han internasjonal berømmelse.

Og:

Av hans senere romaner kan nevnes Tistlene brenner (norsk overs. 1974), […]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Marit HøvdeSverre HoemAnette SKirsten LundLene AndresenEgil StangelandNinaLailaAlice NordliGodeminePrunellaWenchePirelliingar hToveIngeborgAud- HelenBjørn BakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRandiATine SundalPiippokattaNina GHanne Kvernmo RyeGro-Anita RoenGunillaHeidiCamillaRos-Mariknut erikTrineWenche VargasIngunn SReidun SvensliHarald KCatrine Olsen ArnesenSiv ÅrdalCaritaIreneleserBeathe Solberg