Ein "meditasjon over 1900tals-historie"? Her lurer eg på om baksidetekst-forfattaren sin trang til å skrive noko som høyrest intellektuelt ut har vunne over dei analytiske evnene. Vi er i det minste to som ikkje klarer å sjå noko som peikar i den retninga. Men klart, det kan jo kome overraskingar på slutten (har kome nesten like langt som deg i boka).
Noko eg har tenkt litt på er kor glad eg har blitt i dei ulike dyra i boka. Haushofer har gjort ein strålande jobb med å setje ord på omsorgen ein kan kjenne for dyr, og det smittar over på lesaren.
Så då får eg setje meg ned og klappe hunden medan eg mediterer over det førre hundreåret sin historie.
Viser 1 svar.
Veldig enig med deg! :D