Litt seint no då... Visste ikkje om denne tråden før, desverre... Men men. Betre seint enn aldri!?
"Kva har du på hjartet?"
Vil fjesboka vite
I det burde du nok berre drite.
Men sidan eg no er i gang
her er ein full gjennomgang:
Åtvaring: Denne teksten
handlar om året tjue seksten
om året som er nytt
og nyåret, som er litt oppskrytt
Skynd deg, gjer noko ugreitt
Snart er det nemlig for seint
For i året tjue sytten
Skal du gjere nytten:
Du skal bli sunn
(eller iallfall litt mindre rund)
det kjem til å vare ei stund
heilt til du får vatn i munn.
På jobben skal du prestere
fleire timar levere
Og pengane skal du spare
ikkje kaste bort på forbruksvare
I tjue sytten skal du gå meir på tur
Ja, bli flinkare å bruke naturen der du bur
Ut på tur, aldri sur
Ditt nye motto, eit levesett
Du tenker at dette blir lett
For eit nytt år betyr ny start
Ei ny sjanse
Til å vere litt meir smart
Til å leve i balanse
Eit nytt år er berre ei ny dag
Ein sundag
med sytten bak
Elles er det same sak
som i går
og eg spår:
Det kjem til å gå skeis
ingenting er eigentleg annleis
Så, skynd deg, ta eit trekk
nyt din siste sigarett
før dette året renner vekk.
Takk til året som gjekk
for at det no regner vekk
Heile året i ein bekk
Fjorårets vatn
sildrer gjennom natten
renn inn i tjue sytten
Sei velkommen til den nye pytten.