http://www.nytimes.com/interactive/2016/12/19/books/review/25year-in-reading.html?smid=fb-nytbooks&smtyp=cur
Sorry for at jeg ikke har lært meg dette med å linke riktig, men her finnes en samling med litteraturtips, leste bøker i 2016, som er verdt et besøk.
Viser 2 svar.
I tilfelle du eller nokon andre ynskjer eit lynkurs i lenking, så kjem det her.
Det finnest ein lenke-knapp heilt til høgre i knapperada over tekst-boksa som eg skriv i no. Denne fungerer sikkert heilt fint, men eg er ikkje fortruleg med den. Det eg gjer (takk til annelingua som lærte meg dette) er å setje firkantparentesar rundt teksta som skal bli klikkbar, slik: [klikk her].
Umiddelbart etter siste firkantparentesen, utan mellomrom, så kjem ein vanleg parentes med web-adressa til sida som skal lenkast til, slik: (http://www.nytimes.com/interactive/2016/12/19/books/review/25year-in-reading.html?smid=fb-nytbooks&smtyp=cur).
Samanstilt, så blir det slik: [klikk her] (http://www.nytimes.com/interactive/2016/12/19/books/review/25year-in-reading.html?smid=fb-nytbooks&smtyp=cur), for å få fram poenget så måtte eg legge til eit mellomrom mellom ] og ( for at det skal visast i teksta de les.
Når eg no gjer det same utan dette mellomromet blir resultatet slik: klikk her.
Lykke til!
Takk skal du ha. Beklager sen respons.