De har kanskje lagt merke til denne funksjonen på Bokelskere, der nettsida foreslår bøker som den trur liknar på boka du er inne og ser på. Eg mistenker at algoritmen bak er at det teljast opp felles bøker mellom dei som følger boka, og at bøker som mange har til felles listast opp under "Du vil kanskje også like".
Derfor vart eg lettare overraska då eg, fordomsfri og nyfiken som eg er, klikka meg inn på Forbilde av den kjende bloggaren Sophie Elise Isachsen. Der foreslår Bokelskere at eg kanskje vil like Snømannen og Panserhjerte av Jo Nesbø. Den såg eg ikkje kome.
Jaudå, eg har sjekka. Fleirtalet av bokelskarane som følger Sophie Elise sin bok følger også desse to bøkene av Nesbø. Spørsmålet som plagar meg litt no er; sidan eg likte desse to Harry Hole-bøkene, betyr det at eg også ville kunne like Sophie Elise sin bok?
Viser 2 svar.
Jeg ble nysgjerrig og måtte prøve. Og hva dukket opp? Jo, Nesbø - eureka! Om det betyr at jeg vil kunne like fr. Isachsens bok, har jeg ikke tenkt å finne ut. For øvrig har jeg lest begge Nesbø-romanene, og det har antakelig du også. Derav slutter jeg at denne funksjonen ikke er spesielt nyttig.
Funksjonen blir nok meir treffsikker dess fleire følgarar boka har. No er det 18 av dei, og mellom bøkene i "Du vil kanskje også like" ser eg pr datp i det minste eit lite knippe bøker som eg innbiller meg har samanfallande målgruppe med Isachsen sin bok.