Nominasjonane er hemmelege, kven som er nominert får vi, eller rettare sagt dei av oss som lever så lenge, etter planen vite om 50 år. Men det hindrar sjølvsagt ingen i å spekulere omkring kven som er nominert, noko eg sjølv synest er moro, og til og med å vedde på kven som vinn, noko eg held meg unna. Odds-lista reflekterer nok berre kor mange som har vedda på ulike meir eller mindre sannsynlege kandidatar hjå dei ulike spelselskapa.
Når det gjeld akkurat E.L. James så veit eg ikkje kvifor ho har havna på lista, men igjen; det kan vere moro å spekulere. Kanskje er det blodfans av bokserien som veddar på henne? (Sidan eg ikkje har lest bøkene og derfor ikkje kan uttale meg om kvaliteten på dei så held eg meg sjølvsagt for god til å hinte om at sidan dei først har kasta bort pengar på bøkene kan dei like godt kaste bort meir pengar på dette veddemålet.) Eller kan det til og med tenkast at det er eir PR-stunt frå forfattar og/eller forlag å setje såpass med penger på veddemålet at ho figurerer på denne lista? Andre forslag?
Viser 1 svar.
Ja selvfølgelig. Så er det jo alltid noen som liker å nominere på tull, i Brazil hvor det er obligatorisk å stemme ved valg så ble et nesehorn stemt inn i et kommunestyre. Jeg bare... Dette fikk meg til å lure da, siden en av de vanligste kritikkene jeg har fått med meg av Murikami er hvordan han skriver kvinner (som i at kvinner er objekter til å bli beundret i bøkene hans , ikke subjekter), med tanke på at det til syvende og sist er en gjeng med svensker som skal bedømme det. Om de kommer til å gi ham prisen og si at kvinnepresentasjonen er en del av en kulturforskjell. Dette er jo den store utfordringen i det meste av internasjonale konflikter,