Eg er ganske imponert over NrK som brukar ein heil kveld på dikt, gamle som nye. At det måtte ein konkurranse til kan det vere ulike meiningar om, men kveldens program var flott.
Nokon set spørsmålsteikn med at det berre var "gamle" dikt som var i finalen. Tusenvis av forslag blei til 100, som så blei til seks utvalde dikt. Sjølv hadde eg tre av mine favorittdikt i finalen. Olav H. Hauge gjekk seirande ut med "Det er den draumen".
Hadde vore kjekt om dokker andre som har sett programmet kunne seie litt om kva dikt dokker eventuelt stemde på. Eg må innrømme eg stemde på Arnulf Øverland sitt "Du må ikke sove", sjølv om Hauge nok er den personlege favoritten. Øverland sitt dikt er jo så veldig aktuelt i dag, som under 2. verdskrig.
Eit annan ting å diskutere kan vere tankar rundt det at få nyare dikt var med i konkurransen.