Paul Auster var i 1999 med i ein amerikansk radioprogrampost der dei bad lydarane sende inn sanne historier frå eigne liv. Dei fekk inn 4000, der 180 er tatt med i denne boka. Historiene er delt inn i tema som "Animals", "Strangers", "Love", "Death" osv, fordelt over 472 sider.

Det har fleire gonger forbausa meg kor godt desse historiene står til kvarandre og kor velskrivne dei er. Det er trass alt amatørar (får vi tru) som har skrive og sendt dei inn. Auster har gjort ein god jobb som redaktør, han har på beste vis plukka ut og sett saman historiene.

Eg brukar True tales of American life som ei slags myldrebok, slår opp i henne hist og pist og les ei lita historie innimellom anna lesing. Det er alltid ein ørliten svir.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

EvaBeathe SolbergNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristofferHeidi BG LHarald KHanneToveRisRosOgKlagingHilde H HelsethKirsten LundEmil ChristiansenAnne-Stine Ruud HusevågTraltemay britt FagertveitMarteLyriaIngunn SEllen E. MartolToneTanteMamieAmanda ABjørg L.Kristine LouisePiippokattaGrete AastorpMonica CarlsenLillevisveinBjørn SturødGrete AmundsensiljehusmorTine SundalJulie Stenseth