Lenge leve latskapen! Eg heng meg på den no ei stund framover, det blir mykje innever i helga. Kom nettopp heim frå ei økt med gjetarhundtrening, måtte dusje hunden etterpå slik at det gjeng an å ha han innandørs, No har vi planta baken i kvar vår stol, og tek livet med ro.

På bilturen til og frå høyrde eg på Oliver Twist, har fått veldig sansen for Dickens. På papir så er det Metro 2033 som gjeld. Har kome rundt 1/4 i veg, og liker den godt. Vidare følger eg i spaning med på nomineringa av bøker til gretemor sin lesesirkel, skal bli moro å sjå kva for bok vi ender opp med.

God helg!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Må berre sei at Dickens er ein mine favorittar. Har lese mange av dei fleire gonger. Må berre fortelje at då gemalen og eg var nyetablerte, var økonomien noko skral. Bøker måtte lånast på biblioteket. Men, så fekk eg tilbod om ein flott bokserie av Dickens, i brunt skinn( skai) og med gulldekor! Då vart dei prioriterte framfor kjøttkaker, haha! Bøkene er eg stolt over å ha i bokhylla, og dei vert stadig framtekne. Ei av dei aller beste er Store forventninger.

Elles så har eg snart avslutta Sommerfuglene i Armero av Jon Magnus. Han fortel om opplevingar han har hatt på reisene sine som journalist. Variert innhald, og slett ikkje verst. Kva eg skal leite fram etterpå har eg ikkje bestemt enno.
God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandAmanda ACatrine Olsen ArnesenGro-Anita RoenBente NogvaLinda NyrudAnn ChristinMarianne MRonnyToneGunillaJulie StensethBjørg L.Fride LindsethBjørg Marit TinholtÅsmund ÅdnøyIngeborg GTine SundalHarald KMads Leonard Holvikella76marvikkisNina M. Haugan FinnsonYvonne JohannesenAnniken BjørneslittymseOdd HebækKirsten LundGrete AmundsenAnne Berit GrønbechHilde H HelsethLailaReadninggirl30mgeBirkaNadira SunsetHelen SkogEllen E. MartolBjørn SturødTanteMamie