Eg kan godt seie noko, sjølv om eg ikkje har svaret.
Eg har ein mistanke om at den manglande responsen på spørsmålet skuldast eit eller fleire av følgende forhold:
- det er ikkje nokon som hugsar det aktuelle innlegget
- det er mange som er på ferie
- det har ikkje gått så frykteleg mange timar frå du spør og til du etterlyser svar

Har du prøvd å søke etter innlegget sjølv? I tilfelle du ikkje veit korleis, så forklarar eg her:
På menyen "Diskusjoner" er det eit val som heiter "Oversikt".
Heilt nederst på den sida du kjem til då, er det eit søkefelt der ein kan søke i innlegga som er skrive på bokelskere gjennom tidene.
Eg prøvde med "Bibel-studier", det gav berre eit treff, nemleg innlegget ditt frå i går. (frå og med no vil dette søket truleg gi minst to treff)
Så prøvde eg med berre "Bibelen", her blei lista så lang at eg ikkje orka å bla igjennom.
Deretter prøvde eg med "Bibelen studere", dette gav 5 treff, men ingen av dei likna på det du er ute etter.

Skulle du hugse fleire enkelt-ord som var med i det aktuelle diskusjonsinnlegget så blir det sikkert lettare å finne fram til det. Lykke til.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Fant tråden her ved å søke på "Skylapper": https://bokelskere.no/tekst/84206/#n_192961

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten Bolstadingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikte