Nytt profilbilete, eller er det eg som har følgt dårleg med? Flott var det uansett.
Sløv påske i heimen. Veret inspirerer ikkje til dei store utfluktene, og det er egentlig ganske godt å berre la tida gå. Når den gjeng sakte nok, så tek eg fram ei bok. Karane Brødremasov, eller var det Brødrene Karamasov, har eg ikkje kome lenger i sidan sist, får sjå om eg kjem vidare med den no i helga.
På nattbordet har eg liggande Muldvarpen av John le Carré. Den får telje som påskekrim, sjølv om det er meir ei spion-forteljing. Vidare les eg i Langs Silkeveien i Sentra-Asia av Torunn Berge, denne har ikkje heilt innfridd forventningane innledningsvis, håper den tek seg opp etter kvart.
Ja, og så høyrer eg på lydbok når eg er ute og køyrer bil, Har nyleg starta på Penguin Island av Anatole France. Denne teiknar til å bli bra.
God påskehelg til alle saman!
Viser 1 svar.
Du er observant, det er nytt profilbilde :-) Takk!