Sidan denne boka no er foreløbig i tet i avstemminga (og eg legg ikkje skjul på at den er favoritten min mellom bøkene i tetsjiktet) så har eg starta å kike på tilgjengelegheit. Det ser ut for at den er å få på bokklubben i det minste. For utgåva eg kika på, frå bokklubb-serien Århundrets Bibliotek, så var det også opplyst at det følger med eit forfattarhefte. Det ser ut for at alle bøkene i denne serien kjem med eit slikt forfattarhefte.

Eg vart nyfiken på dette med forfattarhefte. Er det eit tillegg i sjølve boka, som eit forord eller etterord, eller er det bokstaveleg talt eit eige hefte som kjem utanom? Er det berre eit sett med biografiske opplysningar om forfattaren, eller er det eit lengre essay? Slike ting. Og det eg EGENTLIG lurer på er om det er interessant nok til at eg skal gå for nettopp denne utgåva, eller om eg skal søke etter ei billigare ei dersom det blir aktuelt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg har lese ei dansk utgåve med kommentarar til historiske ting o.l. som blir nemnde. Bokklubben har eit hefte, ja, og slike hefte bruker å handle om forfattaren og om verket. Hefta, relativt fyldige, blir gitt ut separat, saman med boka. Eg har ikkje sett heftet til denne boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KMads Leonard Holvikella76marvikkisTine SundalNina M. Haugan FinnsonYvonne JohannesenAnniken BjørneslittymseOdd HebækKirsten LundGrete AmundsenAnne Berit GrønbechJulie StensethBjørg L.Hilde H HelsethLailaReadninggirl30mgeBirkaNadira SunsetIngeborg GCatrine Olsen ArnesenÅsmund ÅdnøyHelen SkogEllen E. MartolEgil StangelandBjørn SturødTanteMamieJ FIngvild SOlePiippokattaGroTone SundlandAvaIreneleserBertyKjell F TislevollChristoffer