Fekk denne nokre dagar før jul, og sjølv om ikkje alt er lese, så er dette eit julehefte som eg skal ta godt vare på. Det er vakkert- med kunst som dekorerer tekster, og tekstane i seg sjølv er varierte og gir både god opplevingar og ettertanke.
Første teksten er lyrisk om kyrkjegard, julekveld, igjen og igjen
av Ruth Lillegraven
alt
skal minne
alt skal likne
alt skal lukte
av granbar og
grønsåpe og
gamle dagar
klokka fem
skal klokkene
ringe
og så skal det
vere stille
heilt stille
skal det vere
(.... og så held teksten fram om jul og minne.)
Viser 1 svar.
Her er det mykje vakkert! Mellom det beste er Julerosa av Herbjørg Wassmo, og heilt i toppen for meg var Legenden om Julrosorna av Selma Lagerløf.
Dette heftet skal gøymast og ikkje gløymast! Kan lesast igjen og igjen.