Starten av andre bok
Sentrum av Detroit, frå Google maps. Cal minnest at han som barn var i toppen av hotellet The Pontchartrain (som no heiter Crowne Plaza Detroit Downtown Convention Center) og såg utover gatene som var utforma som eit hjul med eiker. Ein må tru at andelen av høghus mellom hotellet og den aktuelle bydelen var ein god del lavare på denne tida dersom han skulle greie å sjå dette.
Bydelen til høgre på biletet heiter forøvrig Greektown.
Pontchartrain frå boka blei bygd i 1965, og er litt høgare enn SAS-hotellet i Oslo (eller Radisson Blu Scandinavia Hotel Oslo, for å vere presis).
Men dette hotellet er oppattkalla etter eit mykje eldre hotell som ruva i bybiletet nokre få kvartal unna i tidsromet mellom 1907 og 1920. Hotellet blei då rive for å gi plass til kontorbygningar. Ganske utruleg å tenke på.
Viser 1 svar.
Takk, Jostein :)