Bedrifta var samlet,
det var eg og meg.
Eg var der som tilsett,
og sjefen var meg.
Så drakk me og åt,
sjefen og eg.
Eg las et dikt,
då kosa eg meg.
Sjefen heldt tale,
og skryten fekk eg.
Eg takke for året,
og gav blomar til meg.
Etter desserten gjekk eg fra bordet,
og drog med sjefen inn på kontoret.
Eg såg meg i augo, kviskra sjefen inn i øyra,
Sjefen min smilte, det er slikt han vil høyra.
Eg er nokså lur,
eg veit kva som trengs.
Eg gjekk opp i lønn,
og fekk sjefen i seng.
Jon Hjørnevik, frå diktsamlinga "I en sofa frå Korea", Samlaget 2001