Rim og rytme - det liker eg. Diktet er forsåvidt greit som det er (som om eg er ein diktkjennar, lizm). Men dersom du ynskjer å jobbe meir med det, og du også er opptatt av å få rytmen til å stemme 100%, så er det muligheiter for å stramme inn litt. Er det til dømes mogleg å starte første linja i kvart vers med ei lett staving? "Og mens ...", "Imens" el.l. i staden for berre "Mens"? Då vil rytma henge betre saman med tredje linja.
Så greier eg ikkje å forklare kvifor eg synest det, men eg tykte at "forurenset" og "ekstra penger" var ord og fraser som braut litt med stilen ellers i diktet. Kanskje "en neve gjørmevann" i staden for "litt forurenset vann"? Har ingen forslag til erstatning for "ekstra penger". Kanskje kan heile 2. og 4. linja skrivast om i dette verset, for rytma her bryt med den i dei andre versa.
Ja ja, det var no det eg tenkte. Så er det nok langt frå sikkert at nokon i det heile vil kjenne det på same måten som meg ang. dette.
Viser 1 svar.
Tusen takk for tilbakemeldingen din :) Jeg skal se nærmere på det!